Fjorden skyller inn over moloane
To ferjeavgangar er innstilte grunna uvêret i kveld.
Bildeserie:
I 16-tida i dag hadde bølgjene byrja å bryna seg på dei kostbare demparane mellom moloane.
På full flo klokka 21.30, inn mot det som er meldt som maksimal styrke i denne omgang, klokka 22, skvatt bølgjene over både inste molo og kaien utanfor Peppes Pizza.
Den nye gjestemarinaen på Steinneset, og båtane som ligg i bryggeanlegget, såg ut til å klara seg bra, men landgangen har ramla av brygga.
Rasteplassen ved bubilparkeringa er ferdig salta til jul, og bølgjene skvett på det meste like høgt som lyktestolpane på moloen.
• FosenNamsos innstilte avgang 22.20 frå Hatvik og 22.55 frå Venjaneset grunna vêrforholda.
OPPDATERT kl 23.23: Også avgang fra Hatvik kl 23.45 er innstilt grunna vêrforholda.
• Torghatten innstilte to avgangar tidlegare i kveld, men det var grunna teknisk feil.
– Vi har heldigvis framleis ikkje fått meldingar om problem i Os, seier varabrannsjef Erik Walden til Midtsiden i 23-tida.
Fleire utan straum
Det har vore straumbrot på Kalandseid og i Bergen sentrum i kveld. På Kalandseid har alle dei 353, men no er det 343 abonnentar på Ågotnes som er utan straum i tillegg til 12 på Espeland og 35 i sentrum.
I bergensområdet har det kome fleire meldingar om velta tre og trampoline på ville vegar.
Fjellovergangane Aurland-Hol og Vikafjellet er stengt, mens det er kolonne 7,5 tonn over Hardangervidda og Hemsedalsfjellet. Filefjell er ope.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.