Flaggar for ny veg!

Nasjonal Transportplan: Allereie i 2010 kan arbeidet med nye E39 mellom Svegatjørn og Rådal vera i gang.

Kjetil Vasby Bruarøy
13. mars 2009 - 11:27

Tekst og foto Kjetil Vasby Bruarøy

I dag la regjeringa fram Nasjonal Transportplan, med 1,64 milliardar statlege kroner til firefelts motorveg mellom Svegatjørn og Rådal.

Totalt budsjett er på 3,8 milliardar.

- Dette var beskjeden vi venta på, no kan det bli byggestart allereie i 2010, seier ordførar Terje Søviknes (Frp) til midtsiden.no.

I dag heiste han flagga framfor Os Rådhus, saman med leiar for samferdsleutvalet i Hordaland fylke, partikollega Gustav Bahus og kommunaldirektør for samfunnsutvikling i Os kommune, Karl Ole Midtbø.

Vegbygginga er venta å ta ta mellom tre og fire år.

- Kva umiddelbare effektar får dette for Os?

- Med dette klarsignalet må vi straks i gang med arealpanlegging og anna tilrettelegging for stor auke i folketilvekst dei komande åra, seier Gustav Bahus.

Også vegnettet rundt Endelausemarka, med ny veg til Lysefjorden og Søfteland ligg inne i planen. Vegen over Fanafjellet skal også rustast kraftig opp.

- Kva med Endelausemarka?

- Det kan bli blir start på næringsarealet i god tid før vegen er ferdig, det kan til og med koma til å stå ferdige bygg i Endelausemarka når vegen opnar, seier Søviknes.

Held du fartsgrensa på nyevegen, som blir 100 km/t, kjem du til å bruka 7-8 minutt til Lagunen og rundt 13 minutt til Kokstad frå Svegatjørn.

11 av dei 13 kilometerane skal gå i tunnel.