Flaggdag på Kuventræ?
Nei - desse stengene skal stå permanent.
Parallelt med arbeid på tomta der ny dobbelthall skal byggast, har det i sommar blitt reist fleire høge stenger på Kuventræ, på grasbanen i Os Idrettspark.
Desse er verken utstyr til bygging av hall eller flaggstenger til feiring av store idrettsprestasjonar.
– Dei er feste til nettingen i det som skal utgjera tryggleiksburet for slegge og diskos på kastfeltet til idrettsparken, fortel Jon Sivert Rykkel i Osbadet.
Klart etter ferien
Stengene er på plass, det gjenstår berre litt småplukk med tilfylling av jord rundt sjølve kastringen.
– I tillegg så skal sjølvsagt nettet spennast opp mellom stengene. Det reknar vi med kjem på plass like over sommaren.
– Vi har tidlegare i vår fått eige felt for stavsprang borte ved redskapshuset til Os Turn og dekke på tilløpet til spydkast, så no er vi i mål med eit komplett utandørs anlegg, seier Rykkel.
Arbeidet med kastburet starta i midten av juni og har gått trinnvis, først blei kastringen lagt ned og støpt, før fundamenta til stolpane blei støpt.
– Går veldig bra
Grunnarbeida til den nye doble idrettshallen starta opp i byrjinga av juli.
– Det har gått veldig bra så langt. Entreprenøren er godt i gang med gravearbeidet og sprenginga. Inngangen til Osbadet er framleis den same, men byggjegropa er sperra av med gjerder, så ein må gå frå parkeringsplassen og langs bygget for å komma inn.
– Om ikkje lenge starter dei arbeidet med å laga ny inngang på kortenden, der bursdagsrommet vårt er i dag. Litt parkeringsutfordringar er det óg, men i det store og heile har det gått veldig greitt. Drifta i Osbadet går som normalt, avsluttar Jon Sivert Rykkel.