Lokal | 01. okt. 2009

Flammande stolpe

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 01. okt. 2009 08:26

- Det sto flammar frå stolpen då vi kom fram, og det dryssa gneistrar på bakken, fortel Gunnar Hatlelid frå Os brannvesen.

Klokka 20.44 onsdag kveld kom meldinga om brann i ein lyktestolpe i Borgavegen. Brannen var i toppen av stolpen, truleg i tilknyting til gatelyset.

- Det var eit lokalt straumbrot etter brannen. BKK kom på plass då vi hadde sløkt.

- Korleis sløkte de brannen?

- Vi brukte vatn, men du skal veta kva du gjer når du sløkjer slike elektriske brannar, seier Hatlelid, og forklarar: Du må dusja kraftig og støytvis, slik at ikkje det blir samanhengande stråle frå brannen og ned til slangen.

Brannvesenet rykte også ut på ein alarm i Gymnasvegen onsdag, men her var det ikkje brann.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.