Lokal | 23. aug. 2020

Fleire bilar fekk pålegg om å fjerna seg

Politiet fekk fleire meldingar om stygg køyring ulike stadar i Os.

Fleire bilar fekk pålegg om å fjerna seg
Nokre svimerke ligg igjen etter gårsdagens samling ved NHP-lageret. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysundag 23. aug. 2020 09:32

Laurdag fekk politiet melding om trafikantar som køyrde fort, leika seg og svidde gummi ulike stadar i Os.

– Vi fekk klage på høg fart gjennom nabolag på Søre Neset og fleire tilfelle av bilistar som lagde «donuts» i Industrivegen og Kolskogen, fortel vakthavande politibetjent ved Bjørnafjorden lensmannskontor.

Ved NHP sitt lager i Ulvenvegen var fleire bilar samla. Der var òg spor etter burning.

– Bilistane blei kontrollerte, og så fekk samtlege pålegg om å fjerna seg frå plassen.

Ein representant for grunneigar har tidlegare uttalt seg til Midtsiden om at dei ikkje ønskjer biltreff på parkeringsplassen, blant anna fordi det er leigetakarar som køyrer til og frå, og varelevering, utanom vanleg arbeidstid.

Reagerte på ungdomsgjeng

På dagtid i går var politi frå Os i Bergen for å bidra under demonstrasjonen i samband med talen til den islamkritiske organisasjonen Sian.

Svært mange unge, ned i 13-årsalderen, deltok.

I Os fekk politiet i 19-tida melding frå kommunen om ei samling med ungdom i 13-15-årsalderen på Os terminal.

Vitne hadde inntrykk av at nokre av dei drakk alkohol, og skal ha vore til sjenanse for andre. Politiet hadde ikkje ledig patrulje å senda ut.

Feststøy og påkøyrd ugle

I 3-tida natt til søndag fekk politiet melding om ei påkøyrd ugle. Ugla blei påkøyrd på Lepsøyvegen, nær Hagavik Hjemmebakeri.

Fuglen døde. Meldar tok ugla med heim. Viltkontakt er varsla.

I 4-tida oppdaga ein patrulje at det låg større mengder småstein på Lyseklostervegen. Det er ikkje notert om dette kan ha ramla av ein hengar, eller om det er skylt ut i vegbanen av nedbørsmengder. Vegtrafikksentralen blei varsla.

I 6-tida søndag morgon kom det klage på høg musikk frå ein kjellarleilegheit på Halhjem. Det kom berre denne eine meldinga, og politiet rykte ikkje ut til staden.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.