Fleire elevar kan få fri
Streiken utvida, 5 tatt ut i Os: Men elevane må møta på skulen som normalt tysdag morgon.
Hovudtarfikkoppgjeret 2012 har ført til den mest omfattande streiken i offentleg sektor i Noreg på 28 år.
– Vi i Os hadde trudd at meking skulle gå lett, så vi blei litt tatt på senga, seier leiar for Fagforbundet i Os kommune, Hege Bjørnør til Midtsiden.no.
– I staden kom det aldri eit reelt tilbod frå arbeidsgjevar, derfor blei det aldri noko mekling.
Frå før har ikkje Os kommune vore ramma anna enn indirekte, restavfall blir ikkje henta i blant anna Os i dagane som kjem. Men no blir det andre bollar.
Utvida til 5 tilsette i Os
Torsdag kom melding om at streiken blir utvida frå tysdag 29. mai. Den omfattar ingen tilsette i Os kommune, men 224 tilsette i Hordaland fylkeskommune, som blant anna er arbeidsgjevar til dei tilsette ved dei vidaregåande skulane i Os.
– Reinhaldarar, kontorpersonale og assistentar ved Os videregåande skule er tatt ut i streik frå morgonen tysdag 29. mai. Dette omfattar i første omgang fem medlemmar, fortel Bjørnør.
– Kan få fri
Bjørnør seier Fagforbundet har som mål å ikkje ramma ein tredjepart med streik, men vakthaldet ved ein eksamen kan stå i fare grunna streiken.
– Ein av dei som er tatt ut i streik skulle vore eksamensvakt denne veka. Arbeidsgjevar har ikkje søkt om dispensasjon for vedkomande, så eg veit ikkje korleis skulen vil løysa det.
– Den einaste som har lov å steppa inn er rektor.
Ein annan av dei som er tatt ut i streik er for tida vikar for ein annan lærar.
– Eg vil tru at dei elevane som har denne personen som vikar vil få fri desse timane, men det blir opp til skulen å styra. Vi i Fagforbundet kan ikkje gje elevar fri.
– Kan vera positivt
På spørsmål om ho har tru på yttarlegare utviding av streiken denne veka svarar Bjørnør at ho synes situasjonen ser låst ut.
– Men vi har førebels ikkje informasjon som seier noko meir enn det vi veit om utvidinga tysdag.
– Sist det var så omfattande blei eg sjølv ramma, eller skal eg seia redda? Eg var oppe i eksamen, ein eksamen eg neppe gjorde det like bra på som standpunktkarakteren min. Grunna streiken blei den aldri retta, så eg kan truleg takka streiken for at eg kom inn på vidaregåande skule, ler Hege Bjørnør, som denne veka er kjøpt fri frå jobb i den private delen av Lurantunet (Aleris Omsorg), av Fagforbundet, for å jobba med streiken.