Næringsliv | 29. nov. 2009

Fleire er delvis ledige

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 29. nov. 2009 07:47

I Midthordland var 271 personar registrert som arbeidssøkjarar i november. Dette er om lag 10 mindre enn tala frå oktober. Tala viser også at bruken av arbeidsmarknadstiltak held seg stabilt i Midthordland.

Prosentvis målt utifrå arbeidsstyrken var det 0,8 prosent som var registrert som heilt utan arbeid i Fusa kommune, og tar ein med personane som nyttar seg av arbeidsmarknadstiltak, vert prosenttalet 2,2. I Os kommune var dei tilsvarande tala 2,1% og 3,0%.

Utdanning lønar seg
Det er langt færre med høg utdanning som står utanfor arbeidsmarknaden.

– Vi rår spesielt unge som blir arbeidsledige til å nytte høvet til å auke sin kompetanse, seier fylkesdirektør i Nav Hordaland, Anne Kverneland Bogsnes.

Ho fortel at nokre kan få tilbod om kompetanseheving gjennom Nav, men at ein også må sjå på moglegheitene for å gå inn i ordinær utdanning.

– Med høgare utdanning står ein langt sterkare når marknaden svingar, seier Kverneland Bogsnes.

1172 personar med høgare utdanning var utan arbeid i november mens 3853 med utdanning frå vidaregåande eller lågare, var i same situasjon i Hordaland.

Stadig fleire delvis ledige
Talet på delvis arbeidsledige har stege jamt gjennom heile året. 149 personar var ved utgangen av november delvis utan arbeid i Midthordland. Av desse var 27 personar delvis permitterte.

I Hordaland var 2718 personar delvis ledige, der 690 av desse var delvis permitterte.

– Arbeidsgjevarane ynskjer å halde på sine medarbeidarar lengst mogleg. Dei har viktig kompetanse som det kan vere vanskeleg å erstatte ved neste oppgangskonjunktur. Vi ser difor at bruken av delvis permittering har auka merkbart i løpet av året, fortel Kverneland Bogsnes.

I november i fjor var berre 130 delvis permitterte av dei til samen 1596 delvis arbeidsledige.



Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.