Fleire heisar og fleire anlegg er opne
Onsdag blir bra - helga blir våt: Myrkdalen har fått 73 cm den siste veka, Voss Resort har sesongopning i dag og Eikedalen har 45 cm på toppen av Setertrekket.
Uvêret «Urd» er forbi og det er duka for ski i fjellet igjen. Fleire stadar har det kome meir snø dei siste dagane, og det nærmar seg no opning i alpinanlegget nærmast Os, Eikedalen.
– Vi har 45 cm på toppen av Setertrekket, men berre 20 cm nedst i anlegget. Vi treng meir snø og sånn det ser ut no så blir det ikkje sesongstart før på nyåret, seier Fredrik Tønjum ved Eikedalen Skisenter.
Det er meldt 1-3 varmegradar tysdag og onsdag, men torsdag og fredag skal det bli 4-7 varmegradar og mykje regn i Eikedalen.
Sesongstart i Bavallen
Voss Resort har sesongopning i dag, men køyrer berre to heisar; Grebbebakken og Aplphaheisen.
Alphaheisen er fireseters stolheis som tar deg opp Bavallen.
Voss får skya vêr, men opphald onsdag, noko regn torsdag og mykje regn laurdag.
8 av 9 heisar opne i Myrkdalen
Myrkdalen hadde sesongstart for fleire veker sidan, men har opplevd både regn og snø i desember.
Den siste veka har vore betre, med 73 nye cm med snø. No er det 100 cm i terreng, 80 cm i løypa og 8 av 9 heisar er opne.
Det er meldt 0 til 2 gradar onsdag, med fare for litt nedbør. Torsdag, fredag og laurdag er det venta å bli noko varmare, og det er meldt regn heile fredag og laurdag.
Frå søndag er det meldt minusgradar og sol både på Voss, i Eikedalen og i Os.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.