- 27. mars 2021

Fleire høner drepne av hund

Eigar fekk tak i hunden før politiet blei kontakta.

Politiet rykte ut til Askvik laurdag kveld. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 27. mars 2021 20:05

Laurdag klokka 18.40 rykte politiet ut på melding om hund som hadde drepe fleire høner og hanar.

Politi i sivil rykte ut til adressa, i eit nabolag i Askvik.

– Eigar har sperra inne hunden, opplyste politiet via Twitter klokka 18.44.

Det er ikkje kjent kor mange fuglar som er døde, eller om politiet har fått kontakt med eigar av hunden.

Midtsiden har ikkje lykkast i å nå politiet etter hendinga. Einaste oppdatering frå Vest politidistrikt er at politiet har kontroll på hunden.

Les meir om

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • For heile familien (6 pers)
  • Utan bindingstid
  • Berre 30 kr per veke
Teikna abonnement

Abonnementet blir fornya kvar 4. veke for kr 120 per månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.