Fredag kveld låg framleis den knekte lyktestolpen i grøfta i Industrivegen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Fleire i avhøyr etter mc-ulykka i Industrivegen

Etterforskinga av ulykka er ikkje ferdig. 

image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

I 21-tida torsdag 18. april kom det melding om motorsykkelulykke i Industrivegen.

Motorsykkelen hadde køyrd utfor vegen og knekt ein lyktestolpe.

MC-førar, ein mann i 20-åra frå Os, var bevisslaus og blei henta av luftambulanse.

Verken fredag eller i dag har det kome informasjon om tilstanden til mc-føraren.

Helse Vest har frå 1. mars i år avvikla praksisen med å gi media opplysningar om helsetilstanden til pasientar som har vore utsette for ulykker eller valdshandlingar.

«Politiet gjer eigne vurderingar av kva informasjon dei kan og ønskjer å dele med media i slike saker. Helsepersonell har teieplikt også overfor politiet, med nokre få unnatak» forklarer helse-bergen.no.

Grundig undersøking av ulykkesstaden

Industrivegen var fredag kveld framleis prega av ulykka. Lyktestolpen ligg knekt i grøfta og asfalten i både bilvegen og gang- og sykkelvegen har fleire spor. Enden av vegen er utan gatelys.

Åstaden blei grundig undersøkt torsdag kveld og fram til klokka 01.20 natt til fredag av både krimteknisk og av Statens vegvesen si ulykkesgruppe.

– Det er ein terskel for når desse to nemte instansane blir kopla på, sa operasjonsleiar Frode Kolltveit ved Vest politidistrikt til BT fredag.

Politiet vil gjera ei grundig vurdering før dei vil ut med fleire detaljar om korleis ulykka skjedde.

Vidare etterforsking

Fredag ettermiddag opplyser politiet at det operative arbeidet i samband med ulykka er avslutta.

– Saka blir etterforska vidare av Felles Straffesaksinntak (FSI) i Vest politidistrikt, fortel operasjonsleiar Stein Rune Ø. Halleraker i ei pressemelding.

Det var forbipasserande som meldte ifrå om ulykka og det skal ha vore fleire vitne til ulykka. Arbeidet med avhøyr av desse var ifølgje BT ikkje ferdig fredag kveld.

Avhøyr av mc-førar må venta

Laurdag fortel politiet til Midtsiden at mc-førar førebels ikkje har vore i avhøyr.

– Vi har vore på Haukeland, men legen seier han først er klar for avhøyr om nokre dagar, fortel politiadvokat Linn Revheim.

– Er det fotgjengarar eller bilistar som var vitne?

– Eg har ikkje komplett oversikt her, men ser at det allereie har vore bilistar inne til avhøyr, seier Revheim.

 

Fleire saker