Næringsliv | 28. mai 2010

Fleire kan bli ramma

6 av 9 i økonomiavdelinga er i streik, SFO på Søfteland er stengt og fleire skular og barnehagar i Os står i fare for å bli ramma.

Fleire kan bli ramma
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 28. mai 2010 11:51

I går var streiken for reinhaldsarbeidarane over, akkurat tidsnok til at skular og barnehagar i Os slapp å stenga.

- Streiken blei heldigvis avblåst i tide. Nokre leiarar ved enkelte skular og barnehagar hadde byrja med enkel reingjering sjølv, for å kunna halda ope, og vi skulle til å ha krisemøte der vi ville diskutera stenging og eventuelle mellombelse løysingar, seier rådmann Knut Terje Rekve.

Ny streik
I dag fekk han noko anna å tenka på, då det blei brot i forhandlingane på KS-området, og 47 gjekk ut i streik. 30 av desse er medlemmar i Delta, dei andre i Fagforbundet.

• 5 tilsette ved SFO på Søfteland skule. SFO blei i derfor stengt i dag.
• 4 tilsette hos NAV
• 21 tilsette med arbeidsplass i rådhuset.

- Når skulefritidsordninga blir stengt er det mange innbyggjarar som merkar streiken, men det er heller ikkje lenge før det blir merkbart at vi har mange internt i rådhuset i streik, seier Rekve.

Telefon og pengar
Dei 21 med arbeidsplassen sin på rådhuset som er tatt ut i streik, jobbar i kommunetorget, på arkivet, innan personal og økonomi.

Ingen svarar telefonen på sentralbordet under streiken, derfor må du ringa på direktenummer til den du vil ha tak i. Lista over telefonnummer finn du på Os kommune sine heimesider, eller ved å trykka her.

- Økonomiavdelinga er hardast ramma, der er 6 av 9 tatt ut i streik. Dette kan gå ut over rekningsbetaling, og om streiken varar fram til 11. juni, også utbetaling av løn.

Sjølv har Rekve blitt postmann på deltid i dag.

- Når arkivet er ramma av streik må vi leiarar ta ei grovsortering av posten for å leita fram det som hastar mest. Mykje kan ta lengre tid i desse dagar, dessverre.

Opptrapping er varsla
Rådmannen seier han har fått signal om opptrapping av streiken. Ifølgje Åse Gjerde er Delta Os førebudd på å ta ut fleire medlemmar.

- Leiinga i Oslo hadde møte i 12-tida i dag. Rundt klokka 15 kan vi koma til å varsla utviding av streiken, seier Gjerde.

Dei vil i starten skjerma PU og helse, så skular og barnehagar står i fare for å bli ramma i ei eventuell utviding. Denne vil i så fall tre i kraft onsdag i neste veke.

Likeløn og kompetanse
I fjor var Delta nær på streik, i år handlar forhandlingane om likeløn og løn etter kompetanse.

- Vi ser at det blir stadig større forskjell i løn mellom offentleg og privat sektor. I tillegg kjempar vi for likare løn på tvers av fag, meir i harmoni med kor lang utdanning du har.

Det er eige trinn for ufaglært, faglært, høgskuleutdanna og dei med høgskuleutdanning med spesialutdanning.

- Vi har mange faglærte, utan høgskule, men med tilleggsutdanning. Desse er per i dag utan eige lønstrinn, noko vi har tenkt å gjera noko med.

Vakthald og god stemning
Gjerde fortel om god stemning i streikeleiren, og blant streikevaktane på Søfteland skule, utanfor NAV og framfor rådhuset.

- Er det bruk for desse vaktane?

- Vi har ikkje stoppa nokon i forsøk på streikebrot, men har god bruk for vakthald likevel. Vi bruker vaktane til å informera folk om kva vi kjemper for. Tilbakemeldingane er fine og stemninga på topp!

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.