Næringsliv | 21. aug. 2015

– Fleire kan mista jobben i neste veke

Rolls-Royce kan koma til å flytta frå Hagavik til Brattvåg tidlegare enn først venta. Noko kan likevel bli verande igjen i Os.

– Fleire kan mista jobben i neste veke
(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 21. aug. 2015 08:59

Onsdag blei det kjent at Rolls-Royce legg ned ein fabrikk på Sunnmøre. Les meir på Sysla.no. Same dag var det allmøte, også på fabrikken i Hagavik.

– For vår prosess er ikkje denne saka så viktig. Det som i hovudsak fører til mogleg framskynding av flytteplanane til Brattvåg er at det i vinter blei bestemt at det ikkje skulle kjøpast nytt produksjonsutstyr, seier tillitsvalt Dag Kåre Støyva.

Dermed treng ikkje Rolls-Royce venta på nye maskiner.

Les òg: I gang med flytteplanane

– Mykje er klart i Brattvåg og no er det visst snakk om å flytta montering og lager i løpet av hausten. I går og i dag har fleire på fabrikken i Hagavik fått brev med innkalling til drøftingsmøte.

Støyva seier han ikkje er overraska, at dei fleste forsto at ting kunne skje fortare då det likevel ikkje blei bestilt nye maskiner.

– Opptil 20-30 tilsette kan neste veke bli oppsagt. Eg vil tru at dei i så fall vil stå i jobben ut året, eventuelt lengre, og dei har oppseiingstid som tilseier det.

Vurderer å bli underleverandør

Maskineringa skal etter planen avviklast i 2016, innan utgangen av 2016 skal fabrikken vera tømt.

Men Støyva seier at det også er diskusjonar om å lata delar av maskineringa stå igjen, at nokon vil kjøpa bygget og at det kan bli danna eit nytt firma som vil fungera som underleverandør til Rolls-Royce.

– I så fall kan både ekspertise og maskiner bli verande igjen i fabrikken. Dette vil kanskje gje grunnlag for 50-70 stillingar, i tillegg til eventuelle andre oppdrag det nye firmaet tar på seg.

– Er det tilsette som drøftar å starta dette selskapet eller er det større firma eller kapitalsterke som ser på prosjektet?

– Det er for tidleg å seia noko om. Truleg begge delar. Men dette er førebels berre diskusjonar, seier Støyva.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.