Lokal | 12. juli 2019

Fleire meldingar om pågåande roseseljarar

I tillegg har politiet fått melding om båt på rek og krangel på ei adresse.

Fleire meldingar om pågåande roseseljarar
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 12. juli 2019 09:28

I starten på veka har politiet fått melding frå tre ulike nabolag om pågåande, utanlandske seljarar.

– Dei har kome på døra for å selja roser, men i nokre tilfelle ikkje tatt eit nei for eit nei, fortel politiførstebetjent Thomas Juulseth.

Han kjenner til at tilsvarande har vore varsla blant anna i Fana og lengre sør i fylket.

– Folk har opplevd dei som pågåande og ubehagelege. Patruljen var ute, men møtte ikkje seljarane.

Natt til torsdag fekk politiet melding om krangel på ei adresse på Nore Neset. Det var partane sjølv som kontakta politiet.

– Det løyste seg før det blei ein fysisk konflikt. Ein av partane gjekk frå staden.

Torsdag formiddag fekk politiet melding om ein båt på rek innanfor Halhjem ferjekai. Båten blei taua til land og eigar blei varsla.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.