Lokal | 01. nov. 2010

Fleire på nett med mobil

Midtsiden.no med dobling frå september til oktober.

Fleire på nett med mobil
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 01. nov. 2010 12:37

Fleire bruker mobiltelefonen sin å lesa Midtsiden.no. I september hadde vi 3.623 som lesarar frå mobiltelefon, i oktober auka det til 7.831.

Sundag klokka 10.05 gjekk straumen i heile Os kommune. Straumen var vekke til rundt klokka 13, men alle desse timane var det til ei kvar tid over 500 på Midtsiden.no, mange av dei på pc med trådlaus internett, men heile 751 på mobil.

iPhone størst
Blant 751 mobilbesøk sundag var heile 447 iPhone, 142 android, 28 Sony, 24 iPad og 23 iPod.

Berre 6 hadde Samsung og 5 Nokia.

15 siste på mobil
Tysdag 5. oktober lanserte vi eigen mobilversjon av Midtsiden.no. Denne er ribba ned og tilpassa slik at den er lettare å lasta og ikkje krev skroll sidelengs.

På mobil får du dei siste 15 sakane med hovudbilde. Til fleire av sakene er det bildeseriar og videosnuttar, så sjølv om du har lest ei sak på mobilen kan det vera verdt å sjekka den ut også på pc-en eller mac-en seinare.

Mobilversjonen av Midtsiden.no vil bli noko utvida i innhald. Blant anna er den ikkje iPad-tilpassa, så har du sikra deg den store skjermen frå Apple vil du førebels oppleva at bilda er i for låg oppløysing.

Auka besøk
Også samla sett opplever Midtsiden.no vekst, i september hadde vi 28.000 unike gjestar, i oktober 37.000.

Talet på leste sider (artiklar og anna innhald) auka også, frå 340.000 sidevisingar i september til 470.000 i oktober.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.