Fleire persa i Strandebarm
Rekordstor tropp frå Os Turn Friidrett til Strandebarm. – Det blei ei kjempekjekk helg, med fleire persar, seier trenar Mari Eide.
Laurdag og sundag deltok ein stor tropp med utøvarar, trenarar og foreldre på Hardanger friidrettsfestival i Strandebarm.
– Stemnet i Strandebarm er eitt av dei vi kvart år reiser til i samla tropp.
– Det er ei utroleg kjekk oppleving for både utøvarar, trenarar og foreldre.
– Vi har det sosialt og vi som er trenarar får god tid til å følgje opp dei einskilde utøvarane, det såg vi i helga at gav resultater.
– Dei senka skuldrane og presterte veldig godt med fleire personlege rekordar, fortel Mari Eide, trenar i Os Turn Friidrett.
Sofie persa i alle øvelsane
Høgt på lista over nye personlege rekordar kom Sofie Olsvold Hausberg (14), som satt personleg rekord i alle øvelsane ho stilte.
– Spesielt kjekt var persen i høgde, noko vi har jobba mykje med på trening.
Den nye rekordlista til Sofie ser slik ut: Tresteg 9,16 m, 200 meter - 29,86 sek, Høgde - 1,35 m, lengde 4,29 m.
Også Sunniva Kvittingen (15) satte tre nye personlege rekordar i lengde (3,79), tresteg (8,10) og kule (6,77).
Ny høgderekord med glatte joggesko
Sjølv om Sofie Hausberg var den som tok flest personlege rekordar imponerte fleire av utøvarane trenar Mari Eide.
– Gabriel Walden Michelsen (14) hoppa 1,50 i høgde med joggesko på eit særs sleipt føre.
– Klassa til Gabriel er ei utfordrande klasse, men to fetre frå Fana, som båe er søner av høgdehopparar, som dominerar med skyhøge høgder.
Kristine Marlene Furebotn (14) og Vilde Hesnes Kartvedt (15) noterte også sine beste resultat i henholdsvis lengde (4,51) og høgde (1,35).
Fekk ståande applaus
Det var ikkje berre dei unge friidrettsutøvarane som imponerte i Strandebarm.
– Kristin Davanger i seniorklassa imponerte i høgde då ho hoppa 1,50.
– Kristin har ikkje hoppa høgde sidan ho sjølv var aktiv for mange år sidan. I Strandebarm blei mellomanna hopptrenarane i Fana dypt imponert og gav ståande applaus for Kristin sine prestasjonar, smiler Eide.
Møtte utøvarar frå Mosambik
Ein ekstra spiss på stemnet blei det då det i dei eldste klassen var med deltakarar frå Mosambik.
– Dei har eit samarbeid med friidrettsforbundet i Noreg og dei to lokale klubbane Fana og Norna-Salhus.
– Den siste tida har utøvarane fra Mosambik lagt i Strandebarm på treningsleir. Det var utruleg gøy å sjå dei utøvarane.
– Dei har eit utruleg høgt nivå, både i høve til kor strukturerte dei var i alt dei gjorde, men òg i høve kor raske og eksplosive dei er.
– Dei ligg rett og slett på eit heilt anna nivå enn det vi gjer i Noreg, avsluttar Mari Eide.