Lokal | 20. okt. 2014

Fleire posttjuveri

Denne gong var det i Kuvenbakken det blei funne spor etter tjuveri av post.

Fleire posttjuveri
Audun Hadler-Olsen. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 20. okt. 2014 10:00

I førre veke fortalte politiet om tjuveri frå postkasser i fleire nabolag i Midtskogvegen, Giljavegen og Kuhnle, over 40 husstandar kan vera ramma.

Tidlegare i haust har det vore tjuveri av post frå Nordmarka og Solstrandvegen og no er det også funne spor etter tjuveri av post i Kuvenbakken.

– Søndag blei det funne post slengt utover bakkane ved eit stativ i Kuvenbakken, fortel politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.

– Hent posten ofte og heng lås på postkassen, oppmodar han.

– Kva type post er det som blir liggande igjen?

– Reklame og diverse anna. Noko av posten er også opna. Vi tørkar posten og sender ut pånytt, med følgeskriv med informasjon om kvifor dei får posten sin frå oss, seier politiet, som no har slutta å senda ut nye pass per post.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.