Lokal | 12. nov. 2019

Fleire reaksjonar på Halhjem

Vegvesenet hadde kontroll på ferjekaien i går. Éin person og eitt firma blei meldt til politiet.

Fleire reaksjonar på Halhjem
Halhjem ferjekai. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 12. nov. 2019 08:05

Måndag hadde Statens vegvesen kontroll på Halhjem ferjekai med hovudfokus på køyre- og kviletid.

Éin person blei meldt grunna brot på reglane. Brotet handla om pausar. Saka er sendt til foretakskontroll.

I tillegg blei det gitt fire åtvaringar på køyre- og kviletid.

Firma meldt til politiet

Eit anna firma blir politimeldt for å køyra med bil og hengar på over 3500 kilo (3500 kg + varehengar). Her er det krav til fartsskrivar, noko som ikkje var montert.

Det blei lagt ned bruksforbod og saka er sendt til foretakskontroll. Transporten hadde heller ikkje medbragt løyve, og det er sendt rapport til løyvekontoret.

Fleire manglar

Eitt køyretøy fekk teknisk mangel på lys, eit anna på tilhengartilkopling.

Eitt køyretøy fekk bruksforbod for manglande bremselys.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.