674 elevar har søkt seg til Os vidaregåande skule (arkivfoto: KVB)

Fleire søkjer Os VGS

674, 32 fleire enn i fjor, søkjer opptak på Os Vidaregåande skule.

Av: Andris Hamre

Inntakskontoret ved Hordaland Fylkeskommune, som har ansvaret for dei offentlege videregåande skulane i fylket, publiserte onsdag morgon dei førebelse prognosene for søkjarmassene til dei ulike skulene.

Hovudkonklusjonen er at fleire søkjer offentlege skuler i Hordaland.

– Vi er glade for at så mange søker dei vidaregåande skulane, seier fylkesordførar Anne Gine Hestetun i ei pressemelding.

Det er ein markert auke i søkinga til dei 33 vidaregåande skulane til Hordaland fylkeskommune. 18 995 elevar har søkt plass. Dette er ein auke på 361 elevar frå i fjor.

– Sjølv om vi ser at det er nedgang i tal elevar som går ut av den vidaregåande skulen, så får vi større søking til våre skular. Det er svært positivt. Eg trur elevane er godt nøgde med tilbodet dei får og ønskjer å gå på våre vidaregåande skular, seier Hestetun.

Opp for Os VGS, ned for Os gymnas

For dei tre skulane i Bjørnafjorden kommune er Os vidaregåande skule den skulen med størst oppgang.

• Os vgs 674 (642 i 2017) + 32
• Os gymnas 212 (255 i 2017) - 43
• Fusa vgs 298 (297 i 2017) + 1

Populære fag 

Populære fag som har fin framgang i søkinga er helse- og oppvekstfag, service og samferdsel, teknikk og industriell produksjon (TIP), og studiespesialisering. Helse og oppvekst har hatt auke i søkinga over fleire år og passerer no 1100 søkjarar til vg1. Dette er det nest største studiet etter studiespesialisering som aukar med 114 til 2554 søkjarar. TIP aukar med 70 til 658 søkjarar og service og samferdsel med 43 til 294 søkjarar. På dei andre studieretningane er det berre mindre endringar.

jølv om det er fin auke i søkinga til TIP, seier inntaksleiar Nils Skavhellen at tala likevel er mykje lågare enn i 2015 og 2016.

– Men vi ser at dei er i ferd med å ta seg opp att etter to-tre år med nedgang. 

Mange vil til service og samferdsel 

Inntaksleiaren er overraska over den store søkinga til service og samferdsel.

– Vi har hatt stabilt søkartal i mange år, så auken er uventa. Denne utdanninga har prosentvis størst auke i år. 

Søkinga til elektrofag går ned.

– Dette er venta i og med at vi har færre elevplassar som er tilpassa behovet i næringa. Om det blir aktuelt med fleire reduksjonar, vil vi kome attende til det ved gjennomgang av søkinga til den enkelte skule, seier Skavhellen i pressemeldinga.