Politiet rykte onsdag ut to ganger på meldinger om villmannskøyring på E-39 (ill.foto: AH)

Fleire tilfelle av villmannskøyring

Politiet fekk onsdag to meldingar om villmannskøyring på E39. 

Av: Andris Hamre

Klokka 15.19 fekk politiet melding frå ein bilist som køyrde på E-39.

– Meldinga gjekk ut på at ein bil hadde hatt ei stygg forbikøyring på Hamre. Vedkommande køyrde i retning Søfteland, fortel konstituert politibetjent Thomas Juulseth ved Os og Austevoll lensmannsdistrikt.

Patrulja rykka ut for å freiste å ta ein prat med sjåføren.

– Det var snakk om ein leigebil, men patrulja traff diverre ikkje på den.

Pickup-ar i høg fart

Litt seinare på ettermiddagen, klokka 1758, fekk politiet på ny melding om villmannskøyring.

– Denne gongen var det to pickupar med store hjul som held på. Då meldinga kom var dei på Søfteland og køyrde i retning Os. Heller ikkje denne gongen lykkast patrulja å få ta i dei, fortel Juulseth.

Fleire saker