Fleire ting er uklart etter ulykka på Lepsøyvegen
Politiet fann førar etter fire timar. Bilen kan ha vore stolen.
Laurdag i 11-tida rykte politi, brannvesen, ambulanse og lege ut på melding om bil i murkant ved Hagavik Hjemmebakeri.
Ein bil på veg frå Skeisflaten køyrde, ifølgje bremsespor på staden, på feil side av refuga i krysset med Lepsøyvegen, og stoppa i murkanten som går langs fortauet forbi butikken og bakeriet.
– Bilførar og éin passasjer, begge er menn i starten på 20-åra, stakk frå staden. Ein kvinneleg passasjer, også ho i starten på 20-åra, var igjen på staden, fortel politioverbetjent Anne Lyssand.
Hundepatrulje blei kopla inn, men først etter rundt fire timar med etterforsking blei han som er mistenkt for å ha køyrd bilen funnen. Han blei funnen på eiga heimeadresse og blei tatt med for utvida blodprøvetaking.
– Bileigar seier at bilen var stolen. Den var ikkje meldt stolen i forkant, og vi har fått ulike forklaringar frå ulike folk vi har snakka med i løpet av denne laurdagen. Det er foreløpig noko uklart både kven som køyrde og kven som var passasjer, men vi etterforskar saka vidare.
Begge dei to som er mistenkte for å ha stukke frå staden har førarkort. Ein av dei to skal ha blitt skadd i møtet med muren.
Den kvinnelege passasjeren skal ha forklart at ho ikkje kjente dei ho sat på med, men at ho fekk haik frå Esso.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.