Næringsliv | 28. aug. 2014

– Fleire ventar på neste trinn

Denne veka kom bygginga i Solstrandvegen i gang. No førebur StorBergen salsstart på neste trinn.

– Fleire ventar på neste trinn
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 28. aug. 2014 12:56

Bildeserie:

Sånn skal prosjektet i Solstrandvegen bli. (Ill. mir.no)
Sånn skal prosjektet i Solstrandvegen bli. (Ill. mir.no)
Tomta ligg ved Hatvikvegen langs vegen ned til Solstrand Hotel og Bad. (Ill. mir.no)
Tomta ligg ved Hatvikvegen langs vegen ned til Solstrand Hotel og Bad. (Ill. mir.no)
I Os hamn jobbar StorBergen med Os Sjøfront 2, der 6 av 37 er selt på eitt år. (Ill.: Link/mir.no)
I Os hamn jobbar StorBergen med Os Sjøfront 2, der 6 av 37 er selt på eitt år. (Ill.: Link/mir.no)
1 av 3

I slutten av april var første salsmøte, dagen etter hadde StorBergen Boligbyggelag selt 11 av 23 leilegheiter i det nye prosjektet i Solstrandvegen.

Det var nok til at byggestart blei vedtatt og i sommar kom oppstartløyvet.

– Bygginga av første trinn, hus B og C, startar i desse dagar, sa eigedomsmeklar i StorBergen, Kristin Stave, til Midtsiden før helga.

No er første maskina i gang med å grava på tomta. Innflytting i dei første husa blir hausten 2016.

13 nye i neste trinn

Tomta skal til totalt få tre hus med til saman 36 leilegheiter.

– Vi ligg framleis med 11 selte av 23 i første trinn, men har inntrykk av at fleire ventar på neste trinn.

– Dei tre husa, A, B og C, er identiske. Men fleire av dei dyrare leilegheitene i hus B og C er selt, så vi driv no førebuande salsarbeid på hus A.

6 selte i Sjøfront 2

I sommar kom også oppstartløyve til StorBergen sitt prosjekt Sjøfront 2, som blei lagt ut for sal i september i fjor.

Kor tid det blir byggestart er likevel uvisst. Målet var første kvartal 2014.

Til no er det selt 6 av 37 leilegheiter, 5 av dei i inste del.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.