Næringsliv | 01. feb. 2011

Fleire vil til Os

Eigedomsmeklarane i Os selte i fjor 107 fleire eigedomar enn i 2009. Også prisane har gått opp.

Fleire vil til Os
Andris Hamretirsdag 01. feb. 2011 16:54

Trass i ein litt treg slutt på fjoråret blei det eit godt år i bustadmarknaden i Os. Både mengda omsette bustadar og kvaderatmeterprisen gjekk opp.

- Vi opplevde ein periode i fjor haust der det låg mange bustadar ute for sal og det var lite aktivitet i marknaden. Men totalt sett blei året bra, fortel Arild Vikøyr hos Privatmegleren.

Han får støtte frå Åse Nordin Strand hos Meglerhuset Vest som fortel at det truleg ikkje var heilt samsvar mellom forventa prisnivå og reelt prisnivå i fjor haust.

Siste månaden før nyttår fall talet på bustadar for sal i Os frå 80 til om lag 50.

- Det har nok gjort sit til at vi har mykje større trøkk no enn det har vore på ei god stund, seier Vikøyr.

Tal frå eigedomsmeglarforbundet viser at prisane steig med 3,7 prosent frå desember 2010 til januar 2011 i Hordaland utanfor Bergen.

Sentralt og på Nore Neset
Det er spesielt to område som er spesielt populære, ifølgje meklarane.

- Sentrale plassar som Varåsen og Flåten er klassikarar. I tillegg har Nore Neset vore populært område dei siste åra, seier Åge Gulbrandsøy hos BO Eiendomsmegling.

Hos Meglerhuset Vest fortel Strand at det er mange frå Bergen som kjem på visningane i Os.

- Vi har mange yngre familiar, men òg eldre som ønskjer seg til Os.

- Eit gjennomgåande trekk er at dei er veldig bevisste på kvifor dei vil nettopp hit, fotel Strand, som har inntrykk av at den totalpakken kundane får på Os, med flott skjergard, god barnehagedekning og godt skuletilbod trekk opp.

Søfteland og Lysefjorden kjem
Gledelege overraskingar hos Privatmegleren har vore interessa for eigedomar på Søfteland og i Lysfjorden.

- Vi har fleire potensielle kundar som har gjeve oss melding om at vi må seia ifrå om det kjem noko for sal på Drange og i Lysefjorden, seier Vikøyr.

Mykje positivt som skjer
Éin ting er dei tre meklarane einige om; det er mykje spennande på gang i bygda.

- Det som skjer med Oseana og vegane i bygda er ting som slår positivt ut, seier Vikøyr som får støtte av dei andre.

- Folk som kjøper i dag ser nok fram til nyevegen er ferdig. Om det eksploderar den dagen vegen står klar, trur eg ikkje, men at den har positiv effekt er eg meir sikker på, avsluttar Åge Gulbrandsøy.

Oversikt over selte eigedomar via meglar

Selt 2010 Selt 2009 Snittpris kvm 2010 Snittpris kvm 2009 Einebustadar 135 109 18.190,- 16.900,- Leiligheter 120 68 23.610,- 22.660,- Rekkjehus 29 19 20.560,- 18.190,- Tomannsbustad 68 49 20.560,- 18.800,-

(Kjelde: Eiendomsverdi)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.