Næringsliv | 29. mars 2010

Fleksibel trend

Designhus som kundane sjølv er med på å forma – det fekk Brødrene Døsen AS til å tenna. No er dei i spann med suksessfirmaet Urbanhus frå Haugesund.

Fleksibel trend
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 29. mars 2010 07:08

- Vi har blitt kontakta av fleire kjedar som har vore på jakt etter forhandlar i vårt område, men ville ta oss god tid før vi eventuelt fann oss ein slik samarbeidspartnar.

- Likevel skjedde det fort etter at eg ved slump trefte Urbanhus på byggemessa i Lillestrøm hausten 2008, fortel Atle Døsen.

- Tenkjer likt
Mange av husa og hyttene Brødrene Døsen AS har bygd dei siste åra har også hatt sine særpreg, mange med innslag av mur og betong.

- Betongarbeid har i alle år vore vårt hovudområde, og er noko vi sjølvsagt kjem til å halda fram med.

Fleire av byggherrane har dessutan engasjert Døsen utandørs, til opparbeiding av terrasse, trapper, kai og naust.

- Vi vil ikkje å gå frå eigedomen før det ser ferdig ut. Skal byggherren ta utearealet seinare sørgjer vi uansett for å grusa fint etter oss og legga torv tilbake langs veg og oppkjørsel, seier Atle.

Han oppdaga at målsetnad om presis levering og tett kontakt med kunde var noko han hadde felles med selskapet frå Haugesund.

- Eg liker teikningane deira og kvaliteten dei leverer, men det var folka bak firmaet og måten dei jobbar på som gjorde at vi valte å gå vidare med Urbanhus, fortel han.

Kundane teiknar sjølv
Urbanhus er eit ganske nytt firma frå Haugesund som tilbyr ”designhus til katalogpris”. Ein del av opplegget er fleksible løysingar der kundane i høg grad kan justera på form, farge og innhald.

- På nettsidene urbanhus.no kan dei designa sitt eige hus, om dei vil. Med nokre få trykk kan dei velja blant anna dør, vindauge, kledning og golv. Få bæreveggar gjev dessutan stor valfridom når det gjeld rominndeling og justering på storleiken av kvart rom, seier Døsen.

Kvalitetane står i stil med arkitekturen, moderne i form av lågt varmetap og gjennomført stil.

- Veggane har for eksempel minimum 20 cm isolasjon, vindauga innandørs er utan lister. I hovudtrekk er det snakk om enkel byggemåte med kraftige dimensjonar.

Bygger på med nye team
I områda rundt Haugesund er Urbanhus for eit fenomen å rekna. Selskapet har fått mykje merksemd i media og bustadane deira har til og med lokka statsminister Jens Stoltenberg på synfaring.

- Vi har forhandlarstatus for Os, og Bergen sør og vest. Det første urbanhuset i Os sto ferdig i fjor vår, no har vi tre under bygging og fire som skal byrjast på. Vi har også fleire interessentar som held på med ulike formar førebuing parallelt, frå søknad om frådeling til klargjering av finansiering.

- Til no har vi hatt to tømrarlag som har bygd kontinuerlig sidan vi starta med Urbanhus, no må vi auka på med minst eitt lag til, seier Atle Døsen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.