Flest unge ledige
Arbeidsløysa er nesten dobbelt så stor i Os som i Fusa, og det er flest unge ledige.


Arbeidsløysa i Midthordland held seg stabil ved utgangen av september. 311 personar var heilt ledige i denne månaden. Samla i Hordaland var 5896 heilt ledige.
- Dette tyder på at motkonjunkturtiltaka har hatt ønska effekt i fylket. Korleis utviklinga vil bli gjennom haust og vinter er usikkert, seier regional marknadskoordinator Gunnar Breistein.
Signala frå arbeidsgjevarar tyder på at mange bransjar er avventande og planlegg med relativt kort horisont.
I Os kommune er arbeidsløysa 2,4 % av arbeidsstyrken. I Fusa Kommune er prosenttalet 1,5 %.
Arbeidsløysa meir jamt fordelt
Alle aldersgrupper og utdanningsgrupper har vekst i arbeidsløysa samanlikna med september 2008. Veksten er no ganske lik i dei ulike gruppene.
- I byrjinga ramma nedgangskonjunkturen dei yngste og dei med lågast utdanning hardast. No har veksten kome i dei andre gruppene.
Likevel er arbeidsløysa framleis høgast for dei mellom 20 og 24 år.
Auka tiltaksbruk
60 personar i Midthordland deltok i ulike tiltak i september og 1525 personar deltok totalt i Hordaland.
Dette er det høgaste talet på tiltaksdeltakarar i år og 500 fleire enn i august.
Tiltaka har som mål å hjelpe arbeidssøkjarar raskare tilbake til arbeid igjen.
Mange ledige stillingar
Framleis mange stillingar i fylket. I Midthordland blei 89 stillingar lyst ut gjennom nav.no og nærare 2700 stillingar samla i Hordaland.
- Dette er vel 80 færre enn ved utgangen av september 08. Innan butikk- og salsarbeid, helse, pleie og omsorg, samt akademiske yrker er det derimot fleire ledige stillingar i september i år enn i fjor, fortel Breistein.