Lokal | 16. mars 2012

Flinke ungar varsla naboar

– Ungane gjorde alt rett, seier brannvesjefen etter utrykning til Gudriflaten fredag.

Flinke ungar varsla naboar
Brannsjefen og røykdykkarteamet var raskt på staden, men røyken la seg og årsaka til røykutviklinga er ukjent. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 16. mars 2012 19:43

Fredag i 17-tida blei brannvesenet varsla om mogleg branntillaup i eit hus på Gudriflaten. Røykvarslaren hadde blitt løyst ut. Det kom også røyk inn i stova

– Det var framleis litt røyk i huset då vi kom fram, og det lukta svidd, fortel brannsjef Stein Gjøsund.

Lærerik dag på brannstasjonen

Ungar som var åleine heime nokre minutt sprang over til naboen og sa ifrå om røyken og røykvarslaren. Naboane varsla så brannvesenet.

– Dei var veldig flinke, skryter brannsjefen.

– Ungane fortalte også at dei har vore på brannstasjonen når vi har arrngert open dag. Det er kjekt å sjå at desse arrangementa kan ha effekt om uhellet er ute.

Uviss årsak

Før brannvesenet kom fram var faren komen heim. Han tok raskt ut på vaskemaskin og tørketrommel.

– Vi veit ikkje kva årsaka til røykutviklinga er. Vi tok vaskemaskin og tørketrommel på igjen utan at det førte til lukt eller røyk. Vi har også undersøkt omnar og ventilasjonsanlegg.

– Dei som bur i huset sa dei skulle vera heime og at dei skulle vera på vakt i kveld, så rykker vi kjapt ut igjen om det skjer noko meir, seier Gjøsund.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.