Sport | 24. aug. 2009

Flott exit!

Anne Øvreeide var banens beste og skåra på ei perle av eit langskot i sin siste kamp før avreise til Nederland.

Flott exit!
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 24. aug. 2009 09:17

Sundag sørgja Anne Øvreeide for siger nummer to for sesongen til Os, i heimekamp mot Odda.

- Ho vann ballen på midtbanen, gjekk nokre meter og skaut hardt og lang, over keeper og i mål i 70. minutt, fortel trenar Terje Erstad.

- Ho hadde også nokre gode forsøk i første omgang, det eine langskotet blei slått over av keeper.

Dette var Anne sin siste kamp for Os før avreise til Amsterdam, der ho skal ta mastergrad.

Fleire leverte
Øvreeide leverte og var banens beste i sin exit, men det var også andre som var gode då Os klatra frå 5 til 8 poeng sundag.

- Eg er generelt veldig nøgd med spelarane. Vi har hatt litt problem med utteljinga, så sjølv om vi kontrollerte kampen i går, var det spennande heilt til dommaren blåste.

- Det er også gledeleg å sjå at sjølv om nokre av dei fire etablerte spelarane vi mister no i haust allereie har reist, klarte andre å fylla plassane deira så godt, seier Erstad, og nemner Charlotte Balland på Heidi Kloven sin plass som venstre back som eksempel.

Også midtstoppar Silje Pedersen, som nyleg kom til Os frå Fusa, gjorde ein svært god kamp.

- Når nye får prøva seg vil dei ofte vise seg fram ved å yta ekstra bra, og det gjorde dei som spelte i går, også fusingen Betina Kvåle, som kom innpå i løpet av kampen.

Os spelar også neste kamp heime, mot Arna-Bjørnar 2 sundag 30. august (kl 16.00).

SJÅ TABELL

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.