Flott tjuvstart på seglsesongen

Ti båtar stilte til start i årets Otto. Marlin med rormann Hermod Opstvedt stakk av med sigeren.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

 

- Det var fine vindforhold under årets Otto. Då startskotet gjekk blåste det 2-3 m/s frå nord-nordaust, noko som gjorde at det var fleire alternative løyper å velja mellom, skriv Hermod Opstvedt på os-seilforening.org/

Det viste seg også tydeleg på fjorden, for båtane var godt spreidd. Marlin kom først i mål ved Kolbeinshavn, med Oseania og Kjetil Eriksen som neste båt.

Etter at premien var delt ut, var det nytt seglas heim igjen, denne gong via Ospøyskjær og til Støneosen. På veg heim tok Oseania seg forbi Marlin og kryssa mållinja først.

Resultat, Ottoen (rormann i parantes)

1. Marlin (Hermod Opstvedt)

2. Tina for II (Svein Skoglund)

3. Akina (Leif Hetleflåt)

4. Tayo (Otto Hægland)

5. Piano (Sverre Holm)

6. Lady K. (Bjørn Eliassen)

7. Silje Marie (Magne Lepsøy)

8. Stella (Terje Rønning Eltvik)

9. Lisa (Paul Øyvind Mehammer)

10. Oseania (Kjetil Eriksen)

 

Fleire saker