Næringsliv | 18. apr. 2010

Flykluss bra for Osbuss

Selte for 140.000 kroner i bussreiser på fire dagar.

Flykluss bra for Osbuss
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 18. apr. 2010 15:22

Med det same Flesland stengte torsdag byrja telefonen hos Osbuss å ringa.

- Det har vore mange og lange oppdrag. Heldigvis har vi bra med bussar og veldig fleksible og greie sjåførar, seier trafikkleiar Kenneth Valle.

Sør og aust
I går kom ein buss heim etter å ha kjørt ei gruppe tilsette i eit forsikringsselskap til København. Ei anna gruppe tilsette i same firma blei med nord igjen til Noreg.

- Vi har også hatt fleire turar til Austlandet, no har vi bussar på veg heim frå både Larvik og Oslo, som har henta folk som har vore på tur til Sverige og Polen.

Ville hentast i Paris
Sjølv om det har vore mange ekstraoppdrag sidan torsdag er det ikkje alle telefonane det har blitt bestilling av.

- Folk ringer litt rundt og sjekkar prisar. Nokon bad om pris frå Paris til Oslo, dei bestilte ikkje, seier Valle.

- To sjåførar i éi veke, med mat, overnatting, ferje og drivstoff - du skal ikkje rekna mykje feil før du går i minus på ein slik tur. Prisen vi kom med blei nok i høgaste laget.

God omsetnad
Nokre gode dagar har det likevel vore, 140.000 kroner i omsetnad frå torsdag til sundag er Valle nøgd med.

- Etter den litt rolege vinteren var det fint med eit slikt løft, seier trafikkleiaren i Osbuss.

Avinor opna sundag ettermiddag Flesland for trafikk igjen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.