Lokal | 02. jan. 2018

Flytta klinikken til Brugata

Etter ti år i Hamnevegen er kiropraktor Timmy Bøe på plass i nytt lokale.

Flytta klinikken til Brugata
Kiropraktor Timmy Bøe hadde i dag sin første arbeidsdag i nytt lokale i Brugata. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytysdag 02. jan. 2018 20:31

Bildeserie:

Bøe har klinikk blant ei rekkje nyare leigetakarar i Brugata. (Foto: KVB)
Bøe har klinikk blant ei rekkje nyare leigetakarar i Brugata. (Foto: KVB)
Timmy jobbar åleine, men har to behandlingsrom i ny klinikk. (Foto: KVB)
Timmy jobbar åleine, men har to behandlingsrom i ny klinikk. (Foto: KVB)
Hobbyane hans pregar møbleringa. (Foto: KVB)
Hobbyane hans pregar møbleringa. (Foto: KVB)
Det som heng på veggane har han malt sjølv. (Foto: KVB)
Det som heng på veggane har han malt sjølv. (Foto: KVB)
Før jul var det flyttesjau, i dag tok han imot dei første pasientane. (Foto: KVB)
Før jul var det flyttesjau, i dag tok han imot dei første pasientane. (Foto: KVB)
1 av 5

Timmy Bøe hadde praktisert som kiropraktor i Fredrikstad, der han òg var i turnus, i sju år før han i 2007 flytta heim til Os for å opna eigen klinikk.

– Starten blei betre enn eg hadde venta, minnast Bøe, som har blitt verande i Irisgården fram til no.

– Leigekontrakten gjekk ut og eg vurderte andre stadar før eg bestemte meg for eventuell fornying. Eg trivst godt i Irisgården, der det var sosialt miljø og ofte lunsj saman med andre i helsebransjen, men samtidig hadde eg høyrd mykje fint om oppussinga av bankbygget i Brugata.

Før jul var det flyttesjau, i dag tok han imot dei første pasientane i nytt lokale i 3. etasje i Brugata.

«Nytt» lokale med god plass

Då Timmy i 1995 var ferdig med førstegangstenesta, reiste han direkte til byen Bournemouth sør i England. På Anglo European College of Chiropractic (AECC) tok han den fem år lange kiropraktorutdanninga.

Bøe hadde eigentleg tenkt å bli fysioterapeut, men fekk interesse for kiropraktorfaget etter at han sjølv var pasient. Først med ei dårleg skulder, så med smerter i korsryggen.

- Behandlinga var enormt effektiv. Det imponerte meg veldig. Kiropraktoren virka også veldig kunnskapsrik, sa Timmy til Midtsiden på opningsdagen i mai 2007.

Trass tette timelister etter etablering av klinikk i Os har Bøe blitt verande åleine på klinikken.

– Eg har hatt to nyutdanna i turnus, det er det heile. Det er to behandlingrom her i den nye klinikken, så det plass til fleire. Men førebels synest eg det er greit å ha éin timeplan å halda orden på.

Aspenes-brørne har opna opp mellom «gamlebanken» og bygget DNB tidlegare leigde, etter at dei kjøpte eigedomen, og har rusta opp etasje for etasje. Mellom bygningane er nytt inngangsparti.

Kiropraktorklinikken har stort venterom, resepsjon, lager og to behandlingsrom, begge med utsikt mot Øyro.

– Alt frå inngangsparti og fellesareal til kvart enkelt kontor i bygget framstår som nytt. Eg trivst allereie godt, seier Timmy.

Dei typiske skadane

Bøe har rundt 3000 kundar i basen sin, men dei fleste er ferdigbehandla, i alle fall for denne gong.

– Typisk mengde behandlingar er 4 til 12, men om ikkje det er tydeleg betring etter 4-6 behandlingar så er det gjerne annan behandling som må til. Som oftast ser vi på førehand om kiropratikk vil hjelpa, eller om pasienten bør sendast til andre fag, eller for eksempel til MR eller direkte til vurdering for operasjon på Kysthospitalet.

Størstedelen av skadene som kjem inn er i korsrygg eller nakke.

– I starten var det nesten berre korsrygg, no har nakke tatt rygg igjen. Eg veit ikkje kvifor, men det kan kanskje ha med auka skjermbruk å gjera, at folk knyter seg når dei sit med smarttelefonen eller ipaden. Eg ser òg ein del born med typiske vaksen-plager.

Tennisolboge og smerter i skuldre er andre typiske plager folk kjem med.

– Alle bør trena

Han kategoriserer ikkje kundane berre etter kvar dei har plager eller skade, men om vedkomande har kronisk eller akutt skade, og om dei trener eller ikkje.

– Dei som raskast blir bra igjen er ofte dei som har akutt problem - og dei som trener regelmessig. Nokre har ein kombinasjon av kronisk og akutt, at smertene er akutte, men at det er same type problem som går igjen, for eksempel ein prolaps.

Det handlar ikkje berre om å ta symptomet, å dempa smerter der og då, men å finna årsaka. Den kan ligga i nærleiken, men ein litt annan stad på kroppen. Ein stram eller svak muskel i leggen kan til dømes føra til smerter under foten eller i hælen.

– Dei som ikkje trener får oppmoding om å koma seg i fast aktivitet, gjerne yoga eller anna som løyser opp litt. Eg har ikkje tid til å trena saman med pasientane mine, men eg gjev gjerne råd eller viser øvingar dei kan gjera heime, seier Timmy.

Nevenyttig på fleire måtar

Sjølv var han aktiv innan karate i ungdomen, seinare trente han styrke, og dei siste åra har det gått i løping. I haust sprang han maraton for andre gong.

Hjernetrim og rekreasjon blir det òg tid til på fritida for tobarnsfaren, som sidan han kom til Vestlandet har budd på Apeltun med kone og to døtre. Timmy liker å spela sjakk og å mala. Kontoret blir no innreia med både sjakkbrett og hans eigne måleri.

– Det er berre hobby, men eg har så mange måleri no, at nokre av dei får gjera litt nytte for seg, seier Timmy Bøe.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.