Fotball | 26. mars 2017

Flyttar Jentefotballdagen til Nore Neset

– Den blir del av ei fantastisk fotballhelg med opning av den nye banen på Nore Neset, fortel Eirik André Hesthamar.

Flyttar Jentefotballdagen til Nore Neset
Jentefotballdagen er eit samarbeid mellom alle dei sju fotballklubbane i Os kommune (foto frå i fjor: Kjetil Vasby Bruarøy)
Andris Hamresøndag 26. mars 2017 07:05

Den etterkvart så tradisjonsrike Jentefotballdagen blir i år ikkje på Kuventræ, men blir flytta til Nore Neset.

– I år er jentefotballdagen 22. april. Det er dagen før Nore Neset skal opna den nye kunstgrasbanen sin. Saman med Jan Erik Døsen blei vi eininge om at då kunne jentefotballdagen bli starten på ei flott fotballhelg på det nye anlegget, fortel Eirik André Hesthamar frå arrangørane.

Eit godt jentemiljø

Ein annan grunn til at dei i år vil legga dagen til Nore Neset er å nyttiggjera seg det gode jentefotballmiljøet som er i klubbben.

– Det har vore gjort og blir framleis gjort ein særs god jobb på jentesida på Nore Neset, med mange lag i kvar årsklasse frå J12 og oppover. Etterkvart har dei fått spelarar frå heile kommunen som vil vera del av ungdomsjentefotballen der ute.

– Vi håper sjølvsagt å få hjelp til dagen frå desse jentene og å knytta nærare band mellom barnejentefotballen og ungdomsjentefotballen på Nore Neset.

250 plassar, påmelding frå tysdag

I år, som tidlegare år, er det plass til 250 jenter i alderen 6-10 år. Ein treng ikkje ha spelt fotball tidlegare.

– Eg håper jo at det også i år blir like stor interesse som dei tidlegare åra, kor vi har vore nøydd til å ha venteliste.

– Påmeldinga opner tysdag klokka 17.00 på jentefotballdagen.no så då er det berre å vera raskt ute. Vi følgjer "først til mølla"-prinsippet ved påmeldinga, avsluttar Hesthamar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.