Fokus på haldningar
Trafikksikringsplanen for Os kommune er ute på høyring. Plan- og bygningsutvalet vil dreia fokus mot meir haldningsskapande arbeid.

Då plan- og bygningsutvalet handsama rullering av trafikksikringsplanen 2014-2018 på siste møte før jul var det eit nøgd utvalg som som handterte planen.
– No føler eg trafikksikringsplanen er ein god plan.
– Det at vi har dreid planen mot haldningsskapande arbeid har eg tru på, kommenterte Terje Sperrevik (TvS).
Ambisiøst mål
I arbeidet med planen har ei breitt samansatt gruppe beståande av trafikksikringsutvalet, Statens Vegvesen, Politiet, Trygg Trafikk, Os Eldreråd og det kommunale Foreldreutvalet bidrege.
Den overordna visjonen i planen er at ein ikkje skal ha nokon hardt skadde eller drepne i trafikken.
– Vi har i Os eit vegnett der mjuke trafikkantar må dele plassen med bilar. Trafikksikringsplanen har mange framlegg om gang – og sykkelvegar, men det tek tid før dette er på plass.
– Denne planen har difor stort fokus på trafikkopplæring i barnehage og skule. Det er og framlegg om at vi kvart år arrangerer ein trafikksikringsdag i kommunen sin regi der alle trafikkgrupper vert inkludert, skriv sakshandsamar Terje Myking i utgreiinga.
Ein million kvart år
I budsjetta for dei kommande åra er det satt av ein million kroner til trafikksikringstiltak etter dei prioriterte tiltaka som ligg i planen.
– I løpet av arbeidet har vi kome fram til at 10% av dette set vi av til forebyggande arbeid og at trafikksikringsutvalet skal stå i bresjen for ein trafikktryggleiksdag eller veke, forklarte utvalsleiar Ståle Skaatun.
Planen ligg no ute til offentleg ettersyn på kommunen sine nettsider med frist til 31. januar å koma med kommentarar.