Opning av Knutabruo

Folkerik bruopning

Video og bildeserie: Rundt 1000 turgåarar stilte då Knutabruo blei opna søndag. – Det er heilt fantastisk, seier Peder Fløysand.

image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
Av: Andris Hamre

Etter intense dagar med bygging og ferdiggjering sto Knutabruo klar til opning søndag klokka 12.

– Klokka 24.00 laurdag kveld reiste dei siste vossingane frå HMR. Då var jobben ferdig, fortalde brukamerat Peder Fløysand under opninga i Nordmarka søndag.

Vel 1000 nysgjerrige og ivrige turgåarar hadde trassa regn og vind for å få med seg opninga, og å vera blant dei første som fekk testa hengebrua 14 meter over Oselvo.

– Den er så solid bygd at vi kan stå tett i tett på den alle saman, og den vil helda oss, forsikra Fløysand.

Takka brukameratane

Fungerande ordførar Marie Lunde Bruarøy fekk æra av å offisielt opna brua saman med Knut Jarle Aspenes sin sambuar Reidun Måkestad.

– Kommunen treng frivillige eldsjeler som brukameratane. Takk for at de har stått på og klart å realisera prosjektet.

– No skal kommunen ta seg av det vidare vedlikehaldet, helsa Bruarøy før ho og Måkestad klipte det raude bandet og dei ivrige turgåarane kunne få testa brua med Bruarøy og brukameratane i spissen.

Om Knutabruo

• Bru over Oselvo, frå Osmarka ved hesteløypa på vestsida til den nye gangvegen mellom Nordmarka og Tøsdal på austsida av elva
• Total lengde på rundt 50 meter, fritt spenn på 41,5 meter
• Hengebru 12-14 meter over Oselvo
• Breidde: 90 centimeter
• Design ved Jan Haaland, prosjektert av Node i samarbeid med HMR Voss, som også står for produksjon og montering
• Initiativ frå Brukameratane, som består av Knut Jarle Aspenes, Øyvind Tøsdal, Harald Døsen, Lars Skorpen, Jan Haaland, Reidar Rundsveen og Peder Fløysand
• Prosjektet kan gjennomførast takka vera velvilje frå grunneigarane Reidar Rundsveen, Tordis Lund og Opplysningsvesenets Fond
• Total pris er ikkje slått fast. I utgangspunktet var det budsjettert med 1,5 millionar kroner, men grunnforhold og auka lengde gjer at den blir dyrare.
• Brua er finansiert av spleiselag og sponsorar, der Knut Jarle Aspenes er største sponsor, og der det i kronerullingkampanjen har kome inn rundt 300.000 kroner, inkludert 100.000 kroner frå Sparebanken Vest.

Fleire saker