Lokal | 22. aug. 2018

Folkevekst i Os, men ikkje i Fusa

Folketalet går ned i 10 av 33 kommunar i Hordaland.

Folkevekst i Os, men ikkje i Fusa
Venjaneset og Vinnes i Fusa sett frå Møsnuken i Os. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 22. aug. 2018 08:25

I dag kom Statistisk Sentralbyrå med tal frå 2. kvartal 2018. På landsbasis vaks folketalet med under 10.000 innbyggarar.

– Årsaka er færre innvandringar og færre fødslar. Vi må tilbake til 2005 for å finna svakare folkevekst i 2. kvartal, skriv SSB.no.

Vi blei 9.565 fleire innbyggarar i Noreg i løpet av 2. kvartal. Innbyggartalet i Noreg er no oppe i 5.312.343
Fødde: 14.692
Døde: 9.729
Innvandring: 10.747
Utvandring: 6.145

Os veks - men seinare enn før

Av 33 kommunar i Hordaland er det 23 som vaks i innbyggartal førre kvartal.

I Os vaks folketalet frå 20.623 til 20.676, altså med 53 innbyggarar.

Fødde: 56
Døde: 28
Innflytting 250 (av desse 21 frå utlandet)
Utflytting 225 (av desse 26 til utlandet)

I Hordaland var det berre Fjell (84) og Askøy (58) som vaks meir, likevel er dette låg vekst samanlikna med dei fleste kvartal dei siste ti åra.

Os vaks med 173 innbyggarar i 2. kvartal 2017. Så har det gått ned til 59, 44 og 50 hausten 2017 og vinteren 2018. I 2. kvartal 2015 vaks vi med heile 241 innbyggarar.

Fusa redusert med 15 innbyggarar

Fusa kommune blei 15 færre innbyggarar i 2. kvartal.

Folketalet gjekk ned frå 3903 til 3888, altså med 15 innbyggarar.

Fødde 6
Døde 9
Innflytting 27 (4 frå utlandet)
Utflytting 39 (7 til utlandet)

Samla sett vaks komande Bjørnafjorden kommune med 38 innbyggarar.

• Les òg: Bjørnafjorden kommune i tal (areal, arbeid, økonomi, valresultat)

Andre kommunar som gjekk ned i folketal førre kvartal: Bergen (-13), Kvinnherad (-4), Jondal (-3), Eidfjord (-1), Ulvik (-7), Vaksdal (-26), Modalen (-3), Osterøy (-10) og Fedje (-3)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.