Lokal | 14. sep. 2018

Følte seg fin - var rusa på fire ulike stoff

Køyrde frå Amfisenteret til Rema, skylda på breie dekk då politiet ba om forklaring på vinglete køyring.

Følte seg fin - var rusa på fire ulike stoff
Bergen tinghus. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 14. sep. 2018 08:52

Ein mann i 40-åra frå Bergen sto i førre veke tiltalt for køyring i ruspåverka tilstand.

Ein tysdag i august 2016 blei han stoppa på Byvegen av politiet. Han var på besøk hos ein kamerat då han lånte kameraten sin bil, som hadde nokre spesialdekk, og køyrde denne til Amfisenteret og vidare til Rema. Han hadde med seg ein passasjer.

Han forklarte at han ikkje følte seg rusa, men at spesialdekka gjorde at bilen køyrde vinglete, og at han svinga litt brått av hovudvegen fordi han såg ein han kjente langs vegen.

Blodprøve tatt ein time seinare viste at han var påverka av både klonazepam, thc (cannabis), amfetamin og N-desmetyldiazepam. Konsentrasjonen av klonazepam åleine tilsvarer 1,2 i promille.

Treng ikkje sona

Tiltalte møtte i retten, tilsto og erkjente straffeskyld. Han er dømt fleire gongar tidlegare, i hovudsak for vinningskriminalitet. Han har òg blitt dømt for promillekøyring, men det var tilbake i 2002, og blei ikkje lagt vekt på i straffeutmålinga.

At han utsette medtrafikantar for betydeleg fare blei sett på som skjerpande. Då både forhold i politiet og ventetid i retten har gjort at saka har drøya med å få opp, blei straffa justert ned til fengsel på vilkår.

Tiltalte blei dømt til 15 dagar fengsel, på vilkår, med prøvetid på to år. Han blei òg frådømt retten til å køyra bil i to år, altså knappe eitt år frå i dag, og må ta full ny førarprøve før han kan setja seg bak rattet igjen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.