Lokal | 20. feb. 2018

Følte seg truga - dømt til fengsel

Tiltalte blei oppsøkt av offeret, som stilte seg tett opp i ansiktet på han.

Følte seg truga - dømt til fengsel
Tiltalte gjekk ut av køen ved kioskluka. Då fornærma kom etter skal han ha følt seg truga. Retten meiner likevel ikkje at det er snakk om nødverge. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytysdag 20. feb. 2018 09:07

I 3.tida natt til ein søndag i juli 2017 blei ein 18 år gamal gut skalla ned utanfor Esso-stasjonen i Os sentrum.

Han hamna på legevakt med knekt tann, kutt i leppa og hjernerysting. Tiltalte, ein mann i 20-åra, blei pågripen og avhøyrd søndagen.

Tiltalte møtte i retten og erkjente seg skyldig då saka mot han var oppe i Bergen tingrett i førre veke.

Samtidig forklarte han at han følte seg truga.

«Oppførte seg irriterande»

Tiltalte og fornærma kjenner ikkje kvarandre frå før, men kom i kontakt då fornærma, slik tiltalte forklarte det, «sneik i køen og oppførte seg irriterande» utanfor kioskluka på bensinstasjonen.

Tiltalte gjekk etterkvart ut av køen og stilte seg på avstand med nokre venar. Etter ei stund kom fornærma bort til han og stilte seg svært nær, utan å gjera noko anna enn å stira på tiltalte med den eine handa knytt og med eit glas i den andre handa.

Tiltalte forklarte at han følte seg truga, og at han måtte gjera noko for å unngå sjølv å få anten knyttneven eller glaset i ansiktet.

– Ikkje nødverge

Fornærma forklarte at han hugsar at han sneik i køen og innrømte at han kan vera både utadvendt og «kanskje litt innpåsliten» når han er på fest, men at han ikkje opplever seg sjølv som verken kranglete eller trugande. Sjølve valdsepisoden hugsa han ikkje.

Eit vitne, ei venninne av tiltalte, forklarte at fornærma kom så nær at ho trudde dei to partane kjente kvarandre frå før. Men ho skal ikkje ha opplevd at nokon var truga i situasjonen.

Tiltalte sin forsvarar meinte at det var grunnlag for fritak av straff etter straffeloven paragraf 18, som handlar om nødverge. Ei handling som elles er straffbar blir lovleg når den;

a) blir foretatt for å avverge et ulovlig angrep,
b) ikke går lenger enn nødvendig, og
c) ikke går åpenbart ut over hva som er forsvarlig under hensyn til hvor farlig angrepet er, hva slags interesse som angrepet krenker og angriperens skyld

Retten meinte ut frå bevis, videoopptak og vitneforklaring at det ikkje var snakk om nødverge, og at tiltalte si valdshandling gjekk lengre enn naudsynt for å avverga eit eventuelt angrep. Han hadde andre alternativ enn å skalla fornærma ned.

Fekk 15 dagar rabatt

Tiltalte utøvde valden mot fornærma ved forsett. For å bli dømt for brot på paragrafen han var tiltalt for, må han òg ha skjønt kva skade valden kunne føra til.

Sjølv om han ikkje ønskja å skada vedkomande, var det sentralt om gjerningspersonen har tatt ein sjanse når det kjem til konsekvens av handlinga. Tiltalte blei dømt som om han var edru, og då meiner retten at han har tatt ein bevisst risiko når det kjem til mogleg skade som følgje av valden - altså at han handla ved forsett.

Retten bemerkte at dei i straffeutmålinga ikkje kunne sjå heilt vekk frå det som skjedde før valdshandlinga, og at episoden «ikkje hadde karakter av utprega tilfeldig vald».

Tiltalte er ikkje tidlegare straffa. Sjølv om han fekk kritikk for at han gjekk frå staden utan å sjå om fornærma fekk naudsynt helsehjelp, fekk han rabatt for at han tilsto.

Utan tilståing ville straffa blitt 90 dagar fengsel. Tiltalte blei dømt til 75 dagar fengsel utan vilkår.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.