Kultur | 06. juni 2011

Fonos syng Eidsvåg

Onsdag blir det ein kveld med Bjørn Eidsvåg-låtar i Os kyrkje.

Fonos syng Eidsvåg
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 06. juni 2011 09:41

Han har prega norsk musikk i ein mannsalder, artisten Bjørn Eidsvåg. No grip koret Fonos tak i sangkatalogen hans og gjev sine versjonar av tidlige låtar som Ingen vei tilbake, Alt du vil ha og E du den du e til nyare materiale som Floden, Tålt og Nede for telling.

Fonos nærmar seg fem år og blei opphavleg starta som ein del av Os kyrkjelyd.

Les òg:
Flott av FONOS
(med video frå konsert i desember 2010)

Koret blir dirigert av Stine Kobbeltvedt. Musikarar denne kvelden er Knut-Inge Johnsen, Arne Hernes, Nils Midtsæter og Vegard Hodneland.

– Vi kan lova ein stemningsfull og variert kveld med eit djupdykk i den norske folkesjela!

Styret i Fonos

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.