Lokal | 04. sep. 2019

Førarkortbeslag etter frontkollisjon

Kom over i feil køyrefelt før rundkøyringa.

Førarkortbeslag etter frontkollisjon
Bilen til høgre kom over i feil køyrefelt. (Lesarbilde, tips@midtsiden.no)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 04. sep. 2019 07:37

Bildeserie:

Det var kø mens redningsarbeidet pågjekk. (Foto: KVB)
Det var kø mens redningsarbeidet pågjekk. (Foto: KVB)
Det er tatt beslag i førarkortet til ein mann frå Rogaland. (Lesarbilde, tips@midtsiden.no)
Det er tatt beslag i førarkortet til ein mann frå Rogaland. (Lesarbilde, tips@midtsiden.no)
1 av 2
Det var kø mens redningsarbeidet pågjekk. (Foto: KVB)
Det er tatt beslag i førarkortet til ein mann frå Rogaland. (Lesarbilde, tips@midtsiden.no)

Litt før klokka 15 tysdag kom det melding om trafikkulykke på Ulvenvegen ved Svegatjørn.

To bilar hadde kollidert front mot front.

– Ein bil på veg sør mot rundkøyringa kom over i feil felt og kolliderte med ein bil som kom frå Halhjemsvegen og ut avrundkøyringa, fortel politioverbetjent Anne Lyssand.

– Eg høyrde eit kort kvin av bremsing, så kom ein kjempesmell, fortel eit vitne til Midtsiden.

Tok beslag i førarkortet

Begge bilførarane er menn i 60-åra, éin av dei frå Os, den andre frå Rogaland.

Det er tatt beslag i førarkortet til bilførar frå Rogaland, som kom over i feil køyrefelt. Han hadde ein kvinneleg passasjer med seg.

– Avhøyr blei tatt på staden, men eg finn ikkje forklaring om kvifor han kom over i feil felt, seier Lyssand.

Ingen skal ha blitt alvorleg skadd, men bilane måtte tauast vekk og det blei kø rundt ulykkesstaden i ein liten time etter samanstøyten.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.