Politi | 15. juni 2021

Førarkortbeslag og fleire forelegg på Nore Neset

UP sto med laseren i 30- og 50-sone på Skeie og Ulven.

Førarkortbeslag og fleire forelegg på Nore Neset
UP sto med laseren i 50-sona på Ulvenvegen i går. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 15. juni 2021 07:12

Måndag hadde utrykningspolitiet to fartskontrollar i Os.

Dei sto på Skeisflaten i 30-sona ved kryss til Skeismyra på formiddagen frå klokka 10.40.

– Der blei det eitt forelegg. Bilen blei målt i 50 km/t i 30-sona, fortel politioverbetjent Anne Lyssand.

Det fører til 5.850 kroner i forelegg og tre prikkar på førarkortet.

Førarkortbeslag på Ulvenvegen

Klokka 12.10 flytta UP seg til 50-sona på Ulvenvegen. Der blei det skrive ut heile seks forelegg.

– Høgaste fart var 72 km/t i 50-sona.

Det resulterer i 9.050 kroner i forelegg og tre prikkar på førarkortet.

Vedkomande, ein mann i 30-åra frå ein annan kommune, hadde så mange prikkar frå før at det blei førarkortbeslag og oppretta sak.

– Han erkjente ikkje straffeskyld og samtykka ikkje i beslag.

Besøkte Os i natt - fekk bilen avskilta

I 14.20-tida i går fekk politiet melding om glatt veg i rundkøyringa på Halhjem.

Dei rykte ut og sjekka staden, som såg ut til å ha noko oljesøl, og varsla vidare til Vegtrafikksentralen.

Klokka 01.50 natt til tysdag kontrollerte politiet ein bil i Os sentrum.

Forsikring var ikkje i orden, så bilen blei avskilta.

– Bileigar, ein mann i 20-åra frå ein annan kommune, ville ordna papirarbeidet i dag og henta bilen.

Øving i Strøno

Politiet har tysdag morgon fått melding frå Sjøforsvaret.

– Vi har fått informasjon om at det blir ein del øvingsaktivitet på eller ved Strøno i dag.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.