Lokal | 25. mai 2020

Førarkortbeslag og forelegg

Både lensmannskontoret og UP har hatt kontrollar i Os i helga.

Førarkortbeslag og forelegg
(Ill. foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 25. mai 2020 07:48

Det er framleis stengte pubar og roleg i sentrum i helgene, men i trafikken har politiet hatt eitt og anna å henga fingrane i.

Tidleg laurdag kveld velta ein ATV i Nordstrøno.

– Førar er ein mann i starten på 20-åra. Han blei køyrd til Haukeland i ambulanse med skade i ein fot, opplyser politioverbetjent Anne Lyssand.

Han var edru, men det er oppretta sak og tatt midlertidig beslag i førarkortet. Politiet har òg hatt avhøyr av eit vitne.

Avskilting og bruk av mobil

Laurdag formiddag klokka 11.50 blei ein bilist stoppa i Ulvenvegen. Bilførar, ei kvinne i 40-åra, fekk 1700 i forelegg og to prikkar på førarkortet for ulovleg bruk av mobiltelefon under køyring.

Ein mann i 40-åra blei stoppa nord for Os i ein bil som var begjært avskilta.

Søndag i 14-tida hadde UP kontroll i 50-sona på Hatvikvegen. Dei sjekka farten på trafikken retning aust (mot ferjekaien), men fann ingenting å reagera på.

Vil følgja opp gatebilmiljøet

Laurdag kveld blei rundt 50 bilar samla i Ådnadalen til første treff med Os Gatebilklubb.

Politiet fekk litt over klokka 21 melding om burning på staden.

– Vi vil følgja opp dette miljøet, seier Lyssand.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.