Lokal | 31. aug. 2014

Forbikøyring gjekk feil

To bilar kolliderte på Byvegen natt til sundag etter ei forbikøyring som blei for tight.

Forbikøyring gjekk feil
ill.foto: Andris Hamre
Andris Hamresundag 31. aug. 2014 14:26

Klokka 05.27 sundag morgon fekk politiet melding om eit trafikkuhell på Byvegen like sør for kontrollsonen.

– Det var to bilar involvert. Det blei kun materielle skadar, ikkje personskadar.

– Uhellet skal ha skjedd etter ei forbikøyring som ikkje gjekk etter planen. Dei skal ha kome borti kvarandre.

– Det blei litt for tight er beskrivinga i loggen vår, fortel vakthavande betjent ved Os lensmannskontor.

Bilføraren som køyrde forbi fekk eit forenkla forelegg.

Hjort stakk til skogs

Tre kvarter tidligare hadde ein bil køyrt på ein hjort, også det på Byvegen.

– Hjorten sprang til skogs, så der fekk viltkontakten melding og skulle ut å sjå etter den.

Festbråk og krangel

Tidlegare på kvelden, i 22.30-tida, måtte patrulja ta ein tur ut til Lepsøy.

– Der var den noko støy og bråk i samband med ein fest.

– Det skal ha kome nokon til festen som ikkje var invitert. Patrulja reiste til staden og viste vekk dei som ikkje var ønska.

Politiet var òg involvert i ein krangel mellom ein mann og ei dame i Os sentrum klokka 03.30, men denne løyste seg greitt.

Vatnlekkasje i Stegen

Klokka 06.00 søndag morgon kom det melding om at vatnet fossa nedover Stegen bak gamle Brannstasjonen.

– Vatnet kom opp frå bakken, og fossa ut på båe sider av vegen.

– Teknisk vakt blei varsla og tok over jobben.

– Dei har heldt på der i heile formiddag.

Alle edru

I 9-tida søndag morgon hadde politiet promillekontroll på Hatvikvegen ved krysset til Solstrandsvegen.

– Der var alle bilistar edru og hadde førarkortet i orden.

Innrømma skadeverk

Laurdag morgon måtte patrulja rykke ut til Øvre Varåsen kor ein namngitt person skal ha drive skadeverk og kjent på fleire bilar.

– Etter litt leiting fann vi vedkommande.

– Han innrømma at han hadde knekt stjerna av ein Mercedes og kjent på dørane.

– Han blei meldt for skadeverk, tjuveri av ein sykkel, av bildekk og besittelse av narkotika.

– Alle som fekk tinga fråstjålet fekk dei raskt tilbake.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.