Lokal | 14. sep. 2009

Førebels resultat

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 14. sep. 2009 19:33

Ifølgje VG.no si LIVE-oppdatering går Høgre og Frp fram og Venstre og KrF tilbake når det gjeld mandat frå Hordaland.

Det betyr at Laila Reiersten frå Os Frp i skrivande stund er på tinget, men det er etter at berre 31 prosent av stemmene er talte. Lars Sponheim (V) er førebels ute.

Ifølgje desse første stemmene går Høgre mest fram, med +3,9 prosentpoeng til 20,3 %, Frp med +2,2 til 24,4 %. Også Ap går fram, men berre med 0,6 prosentpoeng til 28,5 %. Sp går fram 1,9 til 6,9 %, dei andre partia går tilbake.

Venstre går mest tilbake, -3,3 til 3,7 %, KrF -2,5 til 6,3 %.

Tendensane er like på landsbasis, med stor vekst til Høgre og Ap, men også med vekst for Frp. På landsbasis er stemmene talte i 46 av 430 kommunar.





Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.