- 22. mars 2017

Førebudd på konkurranse i Bodø

– Eg kan nok ikkje berre spasera inn i startellevaren her heller, seier Vegard Leikvoll Moberg.

Vegard Leikvoll Moberg i garderoben etter økt nr to med Bodø/Glimt i dag. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 22. mars 2017 19:40

I dag signerte osingen Vegard Leikvoll Moberg kontrakt med Bodø/Glimt ut 2019.

Etter eit halvt år for Tippeliga-laget Sogndal er han tilbake i OBOS-ligaen, som han i løpet av 5,5 sesongar i Åsane var med på å rykka opp til og spela i.

– Eg fekk inntrykk av at det kunne bli ei stund til eg fekk mykje speletid i Sogndal, seier Vegard til Midtsiden.

Først fekk han inntrykket ut frå korleis leiinga prioriterte. Då interessa frå Bodø/Glimt blei stadig sterkare og meir konkret, blei det òg ein prat om dette speletid.

– Eg er ikkje i tvil om at Sogndal ville hatt bruk for meg i løpet av sesongen, men sportsleg sett var det nok best for meg å gå no. Eirik Bakke sa han ikkje ville sleppt meg til kva som helst klubb, og det er fleire frå OBOS som har vist interesse i vinter, men Bodø/Glimt var ok.

Overraska av osing i garderoben

Moberg er ikkje berre tilbake med ein tidlegare trenar, Kjetil Knutsen, som han hadde i Åsane, lagkamerat i Sogndal, Kristian Fardal Opseth, er på utlån til Bodø/Glimt.

På trening på Aspmyra onsdag formiddag var det eit anna kjent ansikt å sjå.

– Eg visste jo at Henrik var her oppe, men blei positivt overraska over å sjå unge Mjelva, som trente med A-laget i dag.

Henrik, som fyller 19 i år, signerte med Bodø/Glimt i 2015.

Han har førebels ikkje debutert for A-laget, og var i vinter uheldig og knakk ei tå, men har nyleg spelt treningskamp med andrelaget (3. div) og var altså i dag i trening med førstelaget.

Kan bli hard konkurranse

Bodø/Glimt har lange, stolte tradisjonar. I 1975 vann dei samtlege seriekampar og blei noregsmeister på nest øvste nivå, men seriesystemet var sånn at laga i nord uansett måtte i kvalifisering. I 1976 rykte dei opp til øvste nivå, som nyopprykka tok dei i 1977 sølv både i serien og cupen.

Sidan har det vore berg- og dalbane for klubben frå nord, med medalje på øvste nivå det eine året og nedrykk det andre. Bodø/Glimt var i Tippeligaen frå 2000 til 2005, og frå 2014 til 2016.

• Les òg: Os og Lysekloster direkte i «tippeligaen»

– Dei satsar mot comeback og det er spennande å vera ein del av. Sjølv om eg kjem frå ein klubb i Eliteserien er det ikkje sånn at eg trur eg kan spasera rett inn i ein startellevar. Laget er godt og dei har styrka stallen i alle ledd, seier Vegard.

Knutsen har tidlegare brukt Moberg som eit skjold framfor forsvaret, men òg hatt osingen disponibel som indreløpar og midtstoppar ved behov.

– Det ligg an til noko liknande i Glimt òg, sånn eg har forstått det, og det liker eg.

Var i stuss

Vegard fekk større utbyte av opphaldet i Sogndal enn Tippeliga- debut og -erfaring.

Han fann ein kjærast i Sogndal, som kjem frå Lærdal, og som gav grønt lys til å flytta nordover.

– I starten var eg litt 50/50 til det å reisa, etter første opphald her i førre veke, men etter samtale med kjærast og familie så var alt klart.

Kjærasten er ferdig med bachelorgraden i Sogndal no i vår, og kjem kanskje etter. No bur Vegard på hotell, men får hjelp av klubben til å finna leilegheit. Han fekk òg betalt heimreise inn i kontrakten.

– Det er fint på fleire måtar å vera her i nord, det lengste nord eg hadde vore tidlegare var i Levanger, seier Vegard og ler.

Han ser fram til å oppleva både midnattsol, Lofoten og å bli kjent med Bodø som by.

Seriestart mot Mats Cato - Åsane i neste runde

Søndag får ein ein smak på nordnorsk derby, då er det treningskamp mot Tromsø.

Seriestart er på heimebane mot ein annan osing, Mats Cato Moldskred og Kongsvinger.

Allereie i runde to blir det kamp mot gamleklubben, Åsane, i Åsane, 9. april.

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • For heile familien (6 pers)
  • Utan bindingstid
  • Berre 30 kr per veke
Teikna abonnement

Abonnementet blir fornya kvar 4. veke for kr 120 per månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.