Næringsliv | 03. juni 2010

Førebudd på opptrapping

Onsdag kveld var fleire av dei streikande i Os på markering på Tårnplassen i Bergen.

Førebudd på opptrapping
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 03. juni 2010 13:37

- Denne streiken dreiar seg om verdsetjing av den utruleg viktige jobben de og mange tusen andre gjer kvar einaste dag, sa YS-K-leiar Gunn Olander til deltakarne på onsdagskveldens streikemønstring.

Stor streikevilje og mange delta-blå jakkar prega YS-kommunane og Delta si markering.

Tidlegare på onsdagen uttalte Sigrun Vågeng i KS at ho er villig til å snu kvar stein for å finna ei løysing på streiken, som i Os rammar store delar av administrasjonen i kommunen, SFO og barnehagar.

- Førebels har Vågeng berre sett på steinane på god avstand, sa Olander og heldt fram:

- Delta kan bidra til å snu steinar, vi kan hjelpa til med å knusa dei òg. Vi har mange sterke jenter som er vane med å ta tunge løft! Vi er klare!

Olander gjentok kven som har ansvaret for streiken og kritiserte KS' manglande forhandlingsvilje.

- KS har enno ikkje vist vilje til å legga forslag på bordet. Eg er heilt einig med streikeleiar her i Bergen, Linda Lohne - eg har sjeldan opplevd ein arbeidsgjevar som opptrer meir uinteressert og arrogant. Dette står til stryk!

Delta-leiaren viste også til YS-leiarens oppfordring til regjeringa om å auka presset på KS. Ho åtvara også KS om at streikeviljen i Delta og YS-forbunda er på topp både i Bergen og resten av landet.

- Vi er førebudd på å streika så lenge det er naudsynt. Blir det ikkje framdrift i forhandlingane så er vi også førebudd på å trappa opp streiken, avslutta Olander.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.