Lokal | 12. mai 2011

Førebuingane i gang

Arbeidet med den nye brannstasjonen på Moberg er i gang. Førebels med førebuande arbeid.

Førebuingane i gang
Andris Hamretorsdag 12. mai 2011 13:43

Denne veka kom det gravemaskiner på plass på den nye brannstasjonstomta på Moberg og dei førebuande arbeida har starta.

- Det dei no held på med er å grava fram grøfter og trekkrør for vann, kloakk og fiber, fortel brannsjef Stein Gjøsund.

Vidare skal det fleire grøfter for mellomanna pumpeledning til kloakk på plass. Også ein kulvert skal få ei avgreining før masseutskiftingane tek til.

- Den store gravemaskina held no på å gjera i stand for brakkeriggen som skal opp.

- Vi kan ikkje starte med sjølve masseutskiftingane før ankefristen på anboda om å levere utstyr til arbeidet har gått ut, forklarar Gjøsund.

Varierande antal

Gjøsund fortel at kommunen på mandag sendte ut aksept til dei to firma som skal levera utstyret som trengs for masseutskiftingane.

- Gravemaskiner leiger vi hos Utleiecompagniet, medan lastebilar med sjåførar kjem frå Nortrans i Nordhordaland.

- Kva utstyr og kor mange bilar vi treng til ei kvar tid varierar, så vi har inngått ei fleksibel avtale, seier brannsjefen.

Før dei innleigde maskinane kan byrja sitt arbeid må kommunen vente på at ankefristen etter lov om offentlege anskaffelsar går ut. Gjøsund reknar difor ikkje med at hovudarbeidet kjem i gang før tidligst om fjorten dagar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.