Lokal | 09. okt. 2017

Førebur leiteaksjon

Politi, hundepatrulje og Røde Kors lager base på Moberg.

Førebur leiteaksjon
Røde Kors sine mannskaper er kalt ut for å vera med på aksjonen (foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Andris Hamremandag 09. okt. 2017 13:38

Bildeserie:

Hundepatrulje på søk i Nordmarka i 14.20-tida. (Foto: KVB)
Hundepatrulje på søk i Nordmarka i 14.20-tida. (Foto: KVB)
Røde Kors er på plass på Moberg. (Foto: KVB)
Røde Kors er på plass på Moberg. (Foto: KVB)
Påfyll av patruljar og Røde Kors-personell. (Foto: KVB)
Påfyll av patruljar og Røde Kors-personell. (Foto: KVB)
1 av 3
Hundepatrulje på søk i Nordmarka i 14.20-tida. (Foto: KVB)
Røde Kors er på plass på Moberg. (Foto: KVB)
Påfyll av patruljar og Røde Kors-personell. (Foto: KVB)

Klokka 14.20 måndag fekk Midtsiden tips om fleire politibilar i Borgavegen.

I Nordmarka møtte vi éin av dei, ein hundepatrulje, som ikkje ville seia anna enn at aksjonen var ei tidleg fase og at det var oppretta base på brannstasjonen på Moberg.

På Moberg var både politi og ei gruppe frå Røde Kors på plass, og stadig fleire kom til staden. Mens Midtsiden var på staden kom det stadig fleire frå Røde Kors til staden.

OPPDATERT:

– Eg kan stadfesta at vi har ein aksjon på trappene, men om det blir iverksett søk er for tidleg å seia.

– Vi har gjort ei varsling av frivillig mannskap. Om vi iverksett ein leiteaksjon vil truleg bli klarlagt i løpet av ein times tid, fortel operasjonsleiar Bjarte Rebnor ved Vest politidistrikt.

Sist sett før helga

Det er ein 29 år gamal mann som er meldt sakna.

Han skal sist ha vore sett før helga.

– Førebels jobbar vi etter etterforskningssporet. Vi har mottatt ei bekymringsmelding, så vi har ikkje iverksett søk enno, men tar ein del avhøyr.

– Vi har blant anna ikkje eit konkret område å iverksetta søket i. Det er dette vi no prøver å finna ut av, forklarer operasjonsleiaren.

• OPPDATERT: Politiet har no gått ut med ei etterlysing av mannen. Det er Alexander Holsen som er meldt sakna. Han blei sist sett onsdag i førre veke.

Politiet ber folk som har tips eller observasjonar knytt til Alexander Holsen om å ringe tipstelefon 480 02 480 eller 02800.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.