Søfteland barneskule Oseana 2016

Foreldre rørt av Søfteland-debut i Oseana

197 elevar, inkludert velkomstklassen, viste samhald med song og musikk i kulturhuset torsdag kveld.

image
image
image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

«Vi er born som har mykje å gi» var tittelen på konserten av elevar ved Søfteland barneskule torsdag.

Gjennom song, dans og musikk ville elevar og lærarar presentera litt av det mangfoldige livet ved ein skule.

Born som leikar. Born som drøymer, Born som lærer. Born som slit. Born som nettopp er komen til Noreg. Born som er einsame.  Born som har vener.

Første gong i Oseana

Dette var skulen sin debut i Oseana og rektor Line Marie Aarbakke er stolt av både elevane og musikklærarane.

– Det var ein kjempeflott konsert, eg er imponert!

– Foreldre var rørt og kom og takka for opplevinga etter konserten, fortel Aarbakke.

Samhald, integrering og positiv utvikling

Ho er spesielt stolt over kor flinke alle var saman, frå dei yngste til dei eldste.

– Her har musikklærarane Anne Leni og Terje Neset gjort ein fantastisk jobb, tenk kva dei har å bety for ungane sine første møte med musikken. Her syng dei seg frå 1. til 7. klasse.

Også velkomstklassen, som har elevar frå 1. til 10. trinn var med.

– Det er kjekt å sjå korleis song kan vera ein del av både norskopplæringa og integreninga. Skulen har vist fin framgang når vi ser resultata frå førre elevundersøking og denne konserten er òg med å visa at vi framleis er i positiv utvikling.

 

Fleire saker