Kultur | 19. mars 2015

Fører tradisjonen vidare

Osfest: I fjor var det rosemalt oselvar, i år har ein gitar fått Torunn Rød Farsund sine nennsame penselstrøk.

Fører tradisjonen vidare
Tor Egil Hylland, Ole Reinert Berg-Olsen og Torunn Rød Farsund med den rosemalte gitaren (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretorsdag 19. mars 2015 13:40

Bildeserie:

Osfest-gitaren front (foto: Andris Hamre)
Osfest-gitaren front (foto: Andris Hamre)
Osfest-gitaren bak (foto: Andris Hamre)
Osfest-gitaren bak (foto: Andris Hamre)
1 av 2
Osfest-gitaren front (foto: Andris Hamre)
Osfest-gitaren bak (foto: Andris Hamre)

Torsdag var Ole Reinert Berg-Olsen og Tor Egil Hylland hos Torunn Rød Farsund for å motta ein rosemalt gitar med same uttrykk som oselvaren dei fekk malt til fjorårets festival.

– Dette er utruleg idenitetsskapande og viktig for Osfest.

– Rosemalinga er ein viktig tradisjon for Osbygda, akkurat som vi håpar Osfest skal bli.

– Vi set utruleg pris på at Torunn vil gjera dette for oss, smiler Ole Reinert og Tor Egil.

Måla på frihand

Torunn Rød Farsund er glad for å kunne bidra.

– At Ole Reinert og Tor Egil hadde lyst å ta rosemålinga vidare frå oselvaren i fjor er berre heilt topp.

– Det er kjempegøy å få utfolda seg på litt andre material og format enn det eg vanlegvis gjer.

– Ei utfordring med å mala på gitaren er at den var så glatt på grunn av lakken.

– Det gjekk greitt, men gjorde at eg ikkje kunne kritta opp formane på førehand, men måtte mala den på frihand, forklarar Rød Farsund.

Har ein idé

Osfest-generalane har allereie ein idé om kva dei skal utfordra Torunn på neste gang.

– Vi vil ikkje røpa noko enno, men har nokre ideear som vi får koma tilbake til.

– Det finst ikkje begrensingar på kva Torunn kan rosemala på, avsluttar dei to, som i kveld inviterer til konsert med Håvard Skåtun på Amfi Os.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.