Kultur | 02. mai 2011

Forført av poesi

VIDEO: Willgohs fortalte om den utslagsgjevande eposten frå Harild, Marius Hjelle sto for musikken under vernissasjen på Vedholmen Galleri laurdag.

Forført av poesi
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 02. mai 2011 10:24

– Det er nesten uverkeleg at vi har fått Willgohs til galleriet vårt. I fem år har eg gått i ring og hatt han på ønskjelista mi. Den du beundrar mest er gjerne den som er mest vanskeleg å nærma seg, seier Vibeke Harild.

Laurdag var det vernissasje på galleriet. Gjesteutstillaren Jan Erik Willgohs fortalte om korleis den poetiske teksten i invitasjonen fekk han til å fatta interesse for Peter Marron og Vibeke Harild sitt galleri.

«Arbeidene er en fryd for øyet og nektar for sjælen, med en tyngde som slår benene væk på den som ser» refererte Wilgohs frå eposten der Vibeke Harild fortel om hennar inntrykk av kunsten hans.

– Så poetisk! Så flott å bli omtalt på denne måten, sa utstillaren.

Rekordsal og godt besøk

Mange møtte fram for å få med seg vernissasjen, orda frå kunstnaren sjølv og musikken av Marius Hjelle.

– God musikk er ein viktig del av opplevinga, og der har vi vore heldige og fått fleire flinke musikarar til å stilla opp hos oss. Dette var tredje gong vi hadde osingen Marius med til å prega dagen, seier Vibeke.

Hjelle spelte to eigenkomponerte songar, den siste inspirert av Willgohs-maleriet «Duften av mai».

– Maleriet er det største i utstillinga og det blei selt på opninga. Vi hadde godt sal, også reservasjonar, denne dagen, og «Duften av mai» er det største som har blitt selt på Vedholmen Galleri nokon gong.

Utstillinga står til 12. juni, men allereie 8. mai kjem både gjesteutstillaren og Marius Hjelle ut igjen på galleriet for å halda ein presentasjon av utstillinga.

VIDEO: Frå opninga laurdag, med tale av Vibeke Harild og Jan Erik Willgohs og klipp av dei to låtane av Marius Hjelle. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.