Lokal | 17. mars 2016

Forhandlingane i gang

Onsdag møttest representantar frå Os, Fusa og Tysnes kommune for å diskutera om dei skal slå seg saman. Det blir ein heftig vår, kor du som innbyggjar blir involvert.

Forhandlingane i gang
Assisterande rådmann i Os kommune, Paul Manger, skal vera prosessvegleiar for alle tre kommunane i arbeidet med ei eventuell kommunesamanslåing (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretorsdag 17. mars 2016 07:06

Kommunane har frist på seg til 1. juli for å melde tilbake til kommunaldepartementet om dei ønskjer å slå seg saman. Før det skal dei forhandla seg fram til ei intensjonsavtale, handsama saka to gonger i kommunestyret og i tillegg ha hørt kva innbyggjarane meiner.

– Det er ei intensiv periode vi går inn i, og det er mykje arbeid som skal gjerast både i dei einskilde kommunane og i samarbeid, oppsummerar ordførar i Os Terje Søviknes (Frp).

Paul skal leie arbeidet

Onsdag satt han, saman med varaordførar Marie Bruarøy (H), Helge Steinum (Ap) frå opposisjonen, rådmann Christian Fotland og tillitsvald Ingrid Tjørsvik på Os si side av bordet då dei møtte tilsvarande delegasjoner frå Fusa og Tysnes.

– Mykje av det første møtet gjekk på organiseringa av prosessen. I tillegg til at assisterande rådmann Paul Manger har blitt fristilt frå Os for å vera ein prosessvegleiar i alle tre kommunene, så er vi einige om at rådmenna no i april skal jobbe med å sjå på dei ulike tenesteområda og sektorane saman med sine fagfolk.

– Dei skal både få fram status i kvar av områda og kva retning ei eventuell ny samanslått Bjørnefjorden kommune skal gå. Dei skal òg sjå på kva punkt som skal stå i utkastet til intensjonsavtale. Dette handlar om alt frå tenester som oppvekst og eldreomsorg til arealutnyttelse og det demokratiske på korleis kommunen skal styrast, fortel Søviknes.

Ein balansegang

Søviknes fortel om eit veldig godt møte ved ein blikk stille Bjørnafjord. Det er vel ikkje sikkert dei vidare forhandlingane blir like stille.

– Nei, det har du nok rett i. Det gjeld å finne balansen mellom å vera tydeleg på eindel ting, slik som arbeidsgiverpolitikken slik at dei ansatte i alle tre kommunane veit kva dei har å forholde seg til og på tenestetilbodet og økonomi slik at innbyggjarane veit kva kommune dei får.

– Samstundes må vi passe oss for ikkje å låse opp alt. Det er trass alt ei ny kommune som skal byggjast opp.

Folkerøysting på Tysnes

Målet er å fremje utkastet til intensjonsavtale i samtidige kommunestyremøter i alle dei tre kommunane i byrjinga av mai.

– Der blir kommunestyra invitert til å leggje den ut på høring blant innbyggjarane. Denne høyringa og medverknadsprosessen ser vi for oss å gjennomføre både med folkemøter, skriftlig informasjon, nettbasert informasjon og i flest mogleg kanalar.

– Os og Fusa kjem nok til å gjennomføra ei innbyggjerundersøking i form av ei spørjeundersøking, medan på Tysnes har dei allereie eit politisk vedtak om at dei skal ha folkerøysting, fortel Søviknes.

Innspilla ser ein for seg å oppsummere i månadskiftet mai/juni før den endelege saka blir fremja i parallelle kommunestyremøter kor kvar av kommunene skal seie ja eller nei til intensjonsavtalen i midten av juni.

Alt eller ingenting?

Etter at kommunane har sendt inn sine vedtak skal fylkesmannen komma med si oppsummering og sjølvstendige tilråding innan utgangen av oktober før regjering tek si beslutning i løpet av våren 2017.

– Kva om to av kommunane seier ja og ei seier nei, kva skjer då?

– Det blir berre spekulasjonar, men det er klart at det kan tenkast at to kan gå aleine vidare, men alt vi jobbar med no inkluderar alle tre kommunane. Samstundes har jo stortingsfleirtalet sagt tydeleg at der det er naturlege samanslåingar vil dei kunne vurdera å overstyre dei lokale vedtaka.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.