Næringsliv | 19. feb. 2011

Forlenga moloen

Den 205 meter lange nye moloen på Mobergsneset blei i dag forlenga av ein 120 meter lang bølgjebrytar.

Forlenga moloen
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 19. feb. 2011 19:14

Bildeserie:

bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
1 av 9
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde

Den 120 meter lange bølgjebrytaren som skal forlenga den 205 meter lange nye moloen til Os Sjøfront blei fredag slept frå produksjon hos Finnøy Betong i Rogaland til Mobergsneset i Os.

- Bølgjebrytaren er kjøpt hos Nor Marine Bryggen AS i Nordfjordeid og produsert hos Finnøy Betong i Rogaland. No er Karmøy Sjøservice i Os for å montera og forankra i løpet av helga, fortel Tor Inge Døsen frå Os Sjøfront.

Laurdag formiddag gjekk det i montering, laurdag kveld blei bølgjebrytaren slept i posisjon.

96 + 24 meter

Bølgjebrytaren består av ti 12 meter lange og 3 meter breie delar. Den stikk 1,10 meter djupt og ligg 60 cm over vasskorpa.

- Åtte av ti delar kjem til å ligga i eitt strekk frå der moloen sluttar, dei siste to delane får cirka 10 gradar knekk inn mot land.

Bølgjebrytaren veg 260 tonn og er den kraftigaste Døsen klarte å finna på Vestlandet.

- Spennande testrunde

Os Sjøfront hadde håpa på å få bølgjebrytaren på plass før vinteren, for å få testa den i den kraftige vinden som ofte kjem i januar.

- Dessverre blei den ikkje klar så tidleg, og no etter nyttår har det ikkje vore vêr til å slepa den oppover. Før no.

Døsen håper på meir uvêr så han får sett kor mykje bølgjer betongflaker faktisk bryter.

Ikkje brygge

Innanfor moloen og den nye bølgjebrytaren held Os Sjøfront på å bygga ei 6000 meter stor kai- og bryggeflate som skal bera fire blokker, kvar med rundt 40 husvære.

Utanfor desse kjem gjestebrygge og båtplassar for sal.

- Bølgjebrytaren blir førebels ikkje noko brygge. Den skal ligga 5-6 meter frå moloen, utan landgang. Men ser vi at den tar storm frå aust på ein fin måte, og vi treng fleire båtplassar, kan den bli supplert med utriggarar og landgang. Men det blir i så fall i ein seinare omgang, seier Tor Inge Døsen.


Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.